Norborg – Brattvåg2 3-1 (2-0)

Norborg – Brattvåg2 3-1 (2-0)
5. divisjon, Uggedal KGB, 18.04.2024

Sjansar: 7-4
Cornere: 5-4

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (28)
2-0 Tarjei Gjerset Urkedal (37)
3-0 Kristoffer Søviknes (72)
3-1 Anes Maksumic (81)

– Utruleg godt å få denne sigeren. Honnør til alle mann som la ned ein fenomenal innsats og sørga for ein fortent siger, sa 2-målsscorar Tarjei Urkedal. Alle kan nok vere einige at det var fortent at Norborg stod igjen med alle poenga i det som har blitt omtala som “skilsmisseoppgjeret” etter at laga samarbeidde i åra 2018 til 2023. Gjestane hadde ballen mest, men vertane skapte brorparten av sjansane og fekk kampen inn i sitt spor med det viktige førstemålet.

Begge lag hadde stolpetreff i opningsminutta. Først ved Tarjei Urkedal, så ved Martin Koch minuttet etter. Kampen roa seg så ned og det vart ein stillingskrig der Norborg låg kompakt på eigen halvdel og hindra eit meir ballspelande Brattvåg-lag rom. Fysisk var Norborg overlegne og etterkvart som omgangen gjekk starta ein å vinne stadig fleire andreballar, og med angriparar som var langt raskare enn Brattvåg sitt forsvar så starta problema å kome for gjestane. Leiarmålet kom etter ei ballvinning på midten der spelande trenar Niklas Rekdal slo ein stikkar til Tarjei Urkedal, som med ein mann i rygg overlista keeper Viktor Tomic. Urkedal sitt 238. mål i Norborg-trøya. Storscoraren som la opp etter 2018 sesongen, men som starta på igjen i fjor haust hadde ein særs god 1. omgang og såg meir ut som banens yngste enn den eldste. Knappe ti minutt etter leiarmålet var han igjen på farta då Lars Mikalsen slo ein lang ball mot hjørneflagget. William Jenssen Grytten parkerte forsvaret, venta på Urkedal på løp, spelte ballen inn og pang i nota til 2-0. Dei om lag 300 tilskodarane fekk sjå Norborg leie fortent til pause.

Tidleg i 2. omgang kom Brattvåg2 sin Erik Leandersson seg til omgangens første sjanse, men avslutta svakt frå god posisjon. Norborg sleit med å kome seg fram på bana det første kvarteret av omgangen, men trass eit spelemessig overtak greidde ikkje gjestane å finne nøkkelen til å opne Norborg-forsvaret. I staden var det heimelaget som etter kvart skapte det farlegaste framfor mål. Anders Toven var nær mål då han kom først på ballen etter eit frisparkskot av Torbjørn Grytten, mens Adrian Andrukiewicz blåste ballen like over frå 18 meter. Etter desse skremmeskota fiksa Kristoffer Søviknes 3-0 med “årets sakte film skot”. Brattvåg ropte på frispark etter ein duell nede ved cornerflagget, men dommar vinka spelet vidare då William Grytten snappa ballen og spelte inn til Søviknes, som vende opp og “fyrte” av mot mål. Ballen trilla sakte men sikkert gjennom hendene på ein liggande keeper og stolpe inn til Søviknes sitt 150. mål for Norborg sitt A-lag.

Ti minutt før slutt fekk Brattvåg2 sitt trøystemål då Norborg-forsvaret nølte og ikkje fekk klarert. Ballen trilla til Anes Maksumic som sette ballen sikkert i nota frå ti meter. Norborg hadde likevel full kontroll i sluttminutta og kunne inkassere årets første siger.

  • – Sjølve kampen var som forventa. Ikkje utfallet, men at Norborg låg kompakt på eigen halvdel og vi hadde mykje ball. Diverre så får vi ikkje nok tempo på ball og Norborg har gode arbeidstilhøve mot våre stadig feilvende angriparar, sa Brattvåg2-trenar Kristian Søviknes.

Komande kamp for Norborg er heime mot topplaget Giske torsdag 25. april kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Søviknes, 66) (Grytten, 78), Lars Alvestad Mikalsen (Peder Uggedal Søvik, 75), Anders Toven, Oliver Gamlem – Torbjørn Grytten (Nicholas Kvammen, 69) (Marius Dulgheru, 94), Niklas Rekdal, Adrian Andrukiewicz – Tarjei Gjerset Urkedal, Kristoffer Søviknes (Jesper Vos, 46), William Jenssen Grytten.

Stjernebørs:
*** William Jenssen Grytten
** Tarjei Gjerset Urkedal
* Per Kristian Grytten Søvik