Norborg – Brattvåg 2-3 (1-1)
Uggedal stadion, 08.05.09
8 sjansar 5
3 cornere 6
7 avslutningar på mål 6
6 avslutningar utanfor 4
0-1 Kristoffer Grønmyr (7)
1-1 Steffen Grytten (32)
1-2 Even Heggdal (53)
2-2 Tarjei Gjerset Urkedal (65)
2-3 Even Heggdal (81)
Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Per-Ola Utgård (Hundeidvik) og Norvald Helge Lausund (Lepsøy)
Norborg: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Kristoffer Søviknes, 46), Steffen Grytten, Adrian Håbet – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 68), Tarjei Urkedal, Skjalg Volstad.
Brattvåg: Brede Waag – Lasse Leirstad (Jan Tore Fjørtoft, 65), Kristian Grønmyr, Werner Ellingsæter, Håkon Sæterøy – Arild Vågnes (Sindre Dalhaug, 78), Even Heggdal, Torstein Alvestad (Hans Edvard Nordang, 90) – Martin Sundnes, Kristoffer Grønmyr, Hazhin Hassan Kamal (Eivind Gjerde, 70)
Brattvåg var best innafor kvar 16-meter og fekk med seg alle poenga frå lokaloppgjeret mot Norborg fredag kveld. Dei om lag 450 tilskodarane fekk sjå ein kamp prega av nervøsitet, kjemping og lange ballar.
– Vi var nok prega av stundens alvor og det tok si tid før vi kom i gong. På stillinga 2-2 kunne kampen ha bikka begge vegar, men vi må nok innrømme at Brattvåg har fleire matchvinnartypar enn oss og det var det som avgjorde kampen, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.
Tidleg mål
Dei mange frammøtte fekk sjå Brattvåg dominere opningskvarteret. Heimelaget verka særs nervøse og fekk lite eller ingenting til. Etter nærmast konstant spel inne på Norborg sin halvdel gjer Kristoffer Grønmyr som han vil ute på høgresida, skjer inn i 16 meteren og klinkar ballen i lengste vinkel.
Norborg kjempa seg gradvis inn i kampen og på sin første sjanse utliknar Steffen Grytten då han sklir ballen i mål etter ein corner frå Adrian Håbet. Norborg var no på hogget og berre eit par minutt etter utlikninga fekk Kristian Søviknes sjansen, men skotet frå 17 meter gjekk over.
For den nøytrale tilskodar var 1. omgang eit langt gjesp. Få sjansar og mange feilpasningar hos begge lag. Norborg-trenar Roald var lite nøgd med spelarane sine prestasjonar og forlangte at samtlege heva seg etter pause.
Men også 2. omgang starta med eit lite Brattvåg-trykk, og som i første gjekk ikkje det langt tid før ballen låg i nota bak keeper Espen Wold. Målet kom på eit frispark slått inn i feltet der Even Heggdal heada inn 1-2 i kamp med keeper. Minuttet etter får Torstein Alvestad sjansen til å auke leiinga, men skyt utafor.
Siste halvtimen er det Norborg som skapar sjansane. Ole Johan Urke burde ha utlikna då han driblar seg inn i 16-meteren, men avslutninga frå kloss hald gjekk langt utafor. – Eg skulle berre plassere ballen i lengste, men ballen spratt og det vart heilbom, sa Urke etter kampen.
Utlikninga lot likevel ikkje vente lenge på seg. Midtbanekrigar Steffen Grytten er oppe ved hjørneflagget og vinn ballen frå venstreback Leirstad. Grytten sitt innlegg er perfekt og Tarjei Urkedal stuper inn 2-2. Norborg starta i denne perioden å få meir flyt i angrepsspelet, og like etter får Adrian Håbet sjansen etter eit godt raid. Skotet gjekk centimetere over. Kristoffer Søviknes gjorde eit godt innhopp og var nær mål då han får ballen av Skjalg Volstad, men skotet frå 13 meter blir redda av keeper Waag.
Ti minutt før slutt spelar Brattvåg seg fram til corner, og nok ein gong er det markeringssvikt i Norborg-forsvaret. Even Heggdal gir brattvågarane full valuta for pengane då han enkelt headar inn 2-3. Blodig urettvist etter dei siste 20 minuttas spel og sjansar.
Norborg sende det dei har av spelarar i angrep, men oppspela blir for ofte upresise. To gode sjansar kjem ein seg likevel til. Først ved Tarjei Urkedal, men keeper Waag får eit bein på avslutninga. Nokre minutt seinare står Norborg i kø for å score. Ballen endar til slutt hos Morten Kalvø, men avslutninga frå fem meter er for svak og keeper reddar lett.
Dermed vinn Brattvåg nok ein gong lokaloppgjeret og påfører Norborg sitt første heimetap på 19 månader.
– Det var alt i alt ein jamn kamp, der vi var best det første kvarteret av kvar omgang. Kampen stod å bikka på 2-2, men eg føler vi har spelarar med meir kvalitet til å avgjere slike kampar, sa Brattvåg-trenar Rikard Vestre etter kampen.
Dei fleste spelarane på Norborg kom ikkje opp på det nivået ein har vore i seriestarten. Steffen Grytten jobba som alltid godt, medan Stein Erik Reitan hadde god kontroll på si side.
Neste kamp for Norborg er borte mot Herd fredag 12. mai kl. 1830.