Norborg-Hødd 2. lag 3-3 (3-2)
Uggedal stadion, 27.04.09
7 sjansar 9
2 cornere 7
1-0 Morten Kalvø (10)
2-0 Tarjei Urkedal (25)
3-0 Ole Johan Urke (28)
3-1 Christian Mork (37)
3-2 Vegard Heltne (42)
3-3 Sivert Nilsen (str. 86)
Tilskodarar: 375
Dommar: Alf Furland (Rollon)
Assistentar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta) og Jon Olav Skodjereite (Skodje)
Laget: Espen Wold (Geir Roar Gamlem, 64) – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (André Larsen, 46), Steffen Grytten (Bee, 89), Adrian Håbet, Ole Johan Urke (Johan Stavik, 63), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Skjalg Volstad, 46).
Norborg og Hødd2 delte poenga i ein spanande kamp framfor eit talrikt oppmøte i Uggedalen. Heimelaget leia på det meste 3-0, men gjestane fekk etterkvart opp innsatsen og utlikna like før slutt.
– Det er klart at like etter kampslutt så er det skuffande å måtte gi slepp på den 3-0 leiinga vi hadde. Men Hødd2 var eit godt lag, eit av dei beste i divisjonen, og mot så gode offensive spelarar er det vanskeleg å halde nullen. Gutane jobba godt, men vi måtte hatt litt meir flaks for å tatt alle poenga i dag. Vi står med fire poeng på dei to første kampane, og det vise at vi kan krige til oss jamne kampar mot alle lag. For innsatsen i dei to første kampane har vore formidabel. Så får vi håpe at vi kan heve oss spelemessig etterkvart. For vi har meir å gå på, sa trenar Ivar Roald etter kampen.
Dødballmål
Det var på dødballar Norborg skulle gjere det på i denne kampen. Morten Kalvø sette inn 1-0 etter at Hødd2 ikkje får klarert ein corner frå Adrian Håbet. 2-0 kom då Tarjei Urkedal plutseleg fann seg sjølv åleine med keeper Ørjan Nyland etter eit langt frisparkoppspel. Tarjei gjorde ingen feil å trilla ballen i mål. 3-0 kom på eit knallhardt frispark frå Ole Johan Urke. Keeper Nyland hadde ingen sjanse på skotet frå om lag 20 meter. 3-0, og Norborg fekk mogeleg ein følelse av at dette var gjort.
Nytt håp for Hødd2
Hødd2 var fullt på høgde med Norborg mellom 16 meterane, og mot slutten av omgangen kom dei sterkt tilbake. Først reduserar U-landslagsspelar Christian Mork frå kloss hald etter ei kontring. Like etter er Vegard Heltne raskt framme å puttar ein retur frå keeper Espen Wold etter frispark. Dermed var det full kamp igjen, og dei nærare 400 frammøtte kunne vente seg ein spanande 2. omgang.
Hødd2 hadde ballen mest etter pause, men heimelaget kom seg også til store sjansar. Både Adrian Håbet og Tarjei Urkedal burde ha auka Norborg si leiinga. Urkedal nærast då han heada i tverrliggjar. For Hødd2 burde Andreas Rekdal ha scora då han dribla halve Norborg for så å møte overmakta i keeper Wold.
Straffemål
Gjestane pøste på med folk framover mot eit stadig meir utmatta Norborg-lag, og like før slutt blir det litt for heitt inne i straffefeltet og ein Hødd-spelar blir sendt i bakken. Sivert Nilsen sette straffa sikkert i mål til 3-3.
Tarjei Urkedal best på Norborg i denne kampen. Han jobba som vanleg hardt på topp, scora eit mål og la også opp til nokre sjansar. Morten Kalvø nok ein gong god i forsvar. Det same Stein Erik Reitan.
Norborg skal i neste kamp ut i eit vanskeleg bortemøte med Volda. Kampen går fredag 1. mai kl. 1830.
Morten Kalvø sende Norborg i føringa.
Ole Johan Urke klinkar inn 3-0 på frispark.