Blindheim – Norborg 4-4 (4-1)
Blindheim KGB, 21.03.09
6 sjansar 9
2 cornere 4
1-0 (6) 2-0 (20) 3-0 (21) 4-0 (38)
4-1 Tarjei Urkedal (44) 4-2 Kristian Søviknes (50) 4-3 Kristoffer Søviknes (51) 4-4 Tarjei Urkedal (str. 90)
Dommar: Oddmund Kaldhussæter
Laget: Geir Roar Gamlem (Espen Wold, 46) – Kjell Terje Brusdal (Kristian Furnes, 59), Morten Kalvø, Geir Ove Grønli (Elling Mikal Kalvø, 59), Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (André Larsen, 46), Kristian Søviknes (Kristoffer Søviknes, 80), Steffen Grytten, Skjalg Volstad (Bee, 59) – Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 59), Tarjei Urkedal.
Grusom start på kampen for Norborg som måtte sjå Blindheim score på sine fire første sjansar. Norborg skapte minst like mykje som heimelaget og etterkvart fann også oransjetrøyene nettmaskene.
1. omgang
Norborg hadde ballen mest og skapte gode sjansar, men defensivt fungerte lite. Enkel barnelærdom med press på ballførar og sikring var totalt blåst bort. Blindheim takka for Norborg sin naivitet og scora fire gongar dei første 38 minutta. Keeper Geir Roar Gamlem kunne lite gjere med måla, men hindra 5-0 då Blindheim var åleine igjennom i det 41. minuttet.
4-0 gav ikkje eit riktig bilete av speleforløpet. Norborg hadde fleire store sjansar. Både Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes burde ha scora på eitt av sine forsøk, medan Morten Kalvø måtte sjå ei heading bli redda på strek. Kalvø burde også hatt straffe då han vart felt av keeper. Like før pause lykkast så Norborg då Urkedal krangla inn redusering frå kloss hald.
2. omgang
Norborg er ikkje kjent for å legge seg ned å dø. Etter kvila skrur ein opp tempoet og no lykkast ein også framfor kassa. Kristian Søviknes bankar inn 2-4 redusering frå 16 meter før broder Kristoffer stupheader inn ny redusering minuttet etter. Glimrande forarbeid av Stein Erik Reitan på dette målet.
Etter denne voldsame opninga gjorde Norborg mange bytter på ein gong. Det tok då ei stund før ein fann tilbake til rytmen og vi var vitne til ein periode med mange feilval og tekniske feil. Defensivt hadde ein full kontroll. I sluttminutta la ein igjen press på Blindheim og kom seg til nokre sjansar. Blant anna avslutta Johan Stavik over frå god posisjon. På overtid blir Urkedal dratt ned i straffefeltet. Dommar Kaldhussæter tenker seg godt om før han peikar på straffemerket. Urkedal sette sjølv straffa sikkert i mål til fortent utlikning.
Fantastisk lagmoral hos Norborg som aldri gav opp same kor håplaust det såg ut. Spelemessig har ein likevel mykje å gå på for med full konsentrasjon og innsats burde ein ha vunne over dette Blindheim-laget.