Vestnes Varfjell – Norborg 6-5

Vestnes Varfjell – Norborg 6-5 (4-2)
Vestnes Idrettspark, 22.01.08

12 sjansar 7
8 hjørnespark 4

1-0 Tommy Kanishi (5)
1-1 Tarjei Urkedal (13)
2-1 Oddgeir Vikås (15)
2-2 Tarjei Urkedal (25)
3-2 Svein Erik Gregersen (37)
4-2 Elling Olafsen (42)
5-2 Thomas A. Brastad (47)
5-3 Morten Kalvø (71)
5-4 Tarjei Urkedal (78)
6-4 Svein Erik Gregersen (89)
6-5 André Larsen (90+2)

Dommar: Johnny Svensli (Vestnes Varfjell)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Furnes (André Larsen, 46), Jan Even Drønnesund, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Skjalg Volstad, 69), Kristian Søviknes (Bee, 69), Adrian Håbet, Skjalg Volstad (Johan Stavik, 46) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Kristian Søviknes, 82)

Det vart målrikt i Vestnes Idrettspark då Varfjell tok imot Norborg torsdag kveld. Varfjell sitt raske og tekniske mannskap var i føringa stort sett heile kampen og vann fortent 6-5.

Det for kvelden nykomponerte Norborg-forsvaret fekk mykje å jobbe med mot Vestnes. Heimelaget fekk mange overgongar, angreip med mange mann og var spesielt dyktige til å skape overtal på kantane i 1. omgang. Norborg hang ikkje saman defensivt og var heldige som ikkje slapp inn meir enn fire mål. To mål av Tarjei Urkedal gjorde at ein hadde kontakt då laga gjekk til pause.

Få minutt ut i 2. omgang gjekk Varfjell opp i 5-2 etter ein corner. Norborg viste etter dette god moral og løfta spelet sitt. Etterkvart kom også måla. Morten Kalvø styrte inn eit frispark frå Kristoffer Søviknes før Tarjei scorar sitt tredje for dagen etter innlegg av Kristoffer. 5-4 med ti minutt igjen å spele gav håp om uavgjort, men Svein Erik Gregersen ville det annleis og auka til 6-4 på eit utsøkt skot frå 20 meter. På overtid kjempa André Larsen inn 6-5 etter frispark frå Kristian Søviknes.

Trass 6-5 tap så var det mykje positivt hos oransjetrøyene. Ein var effektive framfor mål og farlege på dødballar. Arbeidsmoralen var det heller ikkje noko å utsette på. Så får ein justere presshøgde og avstand mellom lagdelane til neste kamp.

Norborg veit ein får god og temposterk motstand når ein møter Vestnes Varfjell. Laga møter difor kvarandre igjen 2. april.