Norborg – Spjelkavik 3-3

Norborg – Spjelkavik 3-3 (2-0)
Uggedal KGB, 08.10.10

Sjansar: 8-7

1-0 André Larsen (19)
2-0 André Larsen (37)
2-1 Knut Arne Frostad (47)
2-2 Adrian Hagerup (53)
2-3 Aleksander Hagerup (74)
3-3 Sjølmål (81)

Norborg og Spjelkavik hadde kvar sin omgang i årets siste seriekamp på Uggedal kunstgras. To langskot av André Larsen gav heimelaget 2-0 til pause. I 2. omgang snudde kampen totalt og eit aggressivt bortelag var eit kvarter før slutt oppe i 3-2 leiing. Eit sjølmål berga likevel eitt poeng for oransjetrøyene. Basert på spel og sjansar var uavgjort eit heilt greitt resultat.

Etter jamne opningsminutt tok heimelaget over kampen og starta å spele seg fram til nokre halvsjansar før André Larsen hamra ballen i mål frå 22 meter tjue minutt ut i kampen. Norborg viste etter dette nokre fine angrep der ein brukte Adrian Håbet sine offensive kvalitetar på kanten. Kristoffer Søviknes burde auka leiinga då han fekk sjansen frå to meter, men ballen gjekk utruleg nok utafor. Elling Mikal Kalvø sette ballen i nettveggen etter ein corner, medan Adrian Håbet måtte sjå sitt forsøk bli redda til corner av keeper Kvalsvik.

Publikum måtte likevel vente til det 37. minutt på 2-0 målet. Dette kom ut av ingenting. André Larsen gjorde seg klar for innlegg ute på kanten, men ballen enda i staden i nettmaskene bak Kvalsvik. Spjelkavik hadde lite å by på i denne omgangen, men var nær redusering då Halvard Westad fekk ein stor sjanse fem minutt før pause. Avslutninga frå kloss hald var keeper Trond Elstad raskt nede å redda.

I 2. omgang endra kampen totalt karakter. Spjelkavik jobba beinhardt og brukte 8 minutt på å utlikne Norborg sitt forsprang. Først på eit langskot av Knut Arne Frostad, så på eit raskt tatt frispark av Adrian Hagerup. Norborg haldt her på å sette opp mur, medan ein snartenkt Hagerup hamra ballen i mål til 2-2.

Etter denne voldsame opninga av gjestane roa kampen seg noko. Begge lag kom seg til eit par sjansar før Aleksander Hagerup scora på eit vakkert skot frå kanten av 16 meteren. Norborg har i år hatt store problem med å slå tilbake når ein først har kome under, men denne gongen redda ein poenget takka vere eit sjølmål av Spjelkavik. På slutten av kampen fekk André Larsen sitt andre gule kort og måtte forlate bana.

Laget: Trond Elstad – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Kjell-Terje Brusdal, Knut Ivar Bjørlykhaug – Ole Johan Urke (Martin Løken, 74), Kristian Søviknes, André Larsen, Adrian Håbet – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.

Dommar: Øystein Ytterland (Valder)
Assistentar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg) og Sindre Eikrem (MSIL)

Andre resultat:
Brattvåg – Rollon 4-2 (2-1)
Tre mål av Even Heggdal i det som kan ha vore hans siste kamp i gult (?)

Stranda – Godøy 6-0 (4-0)
Ingen problem for Stranda å halde plassen i 3. divisjon. Vi gratulerer årets nykomarar med ein flott sesong.

Bergsøy – Herd 4-2 (2-0)
Overraskande siger til laget frå Fosnavåg. Vi håper Herd skjerper seg til kvalifiseringskampane.

Hødd2 – Valder 4-1 (2-0)

Hareid – Volda 3-3 (2-2)
To mål av heimelagets Kim Tore Husøy sørga for at han vart toppscorar i 3. divisjon.