Norborg – Stranda 1-1 (1-1)
Uggedal stadion, 13.08.10
Sjansar: 4-4
1-0 Kristoffer Søviknes (18)
1-1 Fredrik Sve (34)
Jamt og sjansefattig då tabellnaboane Norborg og Stranda møttast i Uggedalen fredag kveld. Kampen var prega av mange duellar og lite kreativ fotball. Stranda var nærmast sigeren då Erlend Langelo viste fart og teknikk og kom seg fri frå Norborg sitt forsvar. Avslutninga stod derimot ikkje i stil med forarbeidet. Den gjekk til side for mål. Kampen sett under eitt var det greitt med poengdeling i ein kamp der dommartrioen var kampens beste aktørar.
Stranda har normalt gjort det vanskeleg for Norborg når dei har gjesta Haram. Så også denne gong, for det var tydeleg at dei blå var sugne på å revansjere 0-3 tapet frå i vår. Innbitte strandarar kjempa Norborg ut av stilen og kom seg til kampens første sjanse då Endre Kjølås heada ein corner over mål.
Norborg løfta seg eit hakk etter Stranda si aggressive opning, og Ole Johan Urke er frampå eit par gongar utan å få ballen i mål. 1-0 skulle likevel kome då Elling Mikal Kalvø passar til Kristoffer Søviknes på løp gjennom Stranda sitt forsvar. Kristoffer gjer ingen feil å sette ballen kontrollert til side for Stranda sin særs godde keeper Radovan Dvorsky.
Norborg fell i prestasjonane etter leiarmålet og gjer mange feil val både med og utan ball. Stranda er ikkje noko særleg betre, men viser større innsats og vinn fleire duellar. Ti minutt før pause glepp det i Norborg si forsvarsrekke. Fredrik Sve runder to mann og sette ballen i mellom beina på keeper Trond Elstad. Godt gjort av unge Sve.
Norborg opnar 2. omgang brukbart og legg eit lite trykk mot Stranda utan å skape noko særleg meir enn eit par halvsjansar før Kristoffer Søviknes gjer ein god jobb på venstresida. Han kjem seg ned mot kortlinja og prøver å finne Stein Erik Reitan framfor mål, men pasninga blir litt for upresis og Reitan når ikkje fram for å sette ballen i tomt mål.
Omgangen fortsette med stillingskrig og lite oppfinnsom fotball. Ingen av laga greidde å halde på ballen og fann det viktigare å halde på det eine poenget i staden for å satse på alle tre. Knappe ti minutt før full tid er likevel Stranda særs nær 1-2 då Erlend Langelo stormar framover på venstresida. Han lurer eit par mann og er fri, men åleine med keeper Elstad sette han ballen til side for mål. Langelo vil nok ikkje sove godt i natt etter denne missen. Stranda har eit par hjørnespark mot slutten, men kampen ebbar ut med eit rettvist 1-1 resultat.
Medan Norborg viste leiken og underhaldande fotball mot Rollon sist, så var ein i denne kampen stressa med ball og skapte overraskande lite framfor Stranda sitt mål. Ein mista ballen for lett gjennom både upresise oppspel mot spissane, forsøk på småspel og mislykka dribleforsøk. Ein blir likevel ikkje betre enn det motstandaren gjer ein, og Stranda var godt organsiert og jobba steinhardt gjennom heile kampen.
Best på Norborg i denne kampen var Kristoffer Søviknes. Ikkje berre scora han målet, men han var den som skapte størst problem for gjestane kampen igjennom med fart og teknikk. Diverre var også han råka av kveldens sjuke; svake avleveringar.
Kampens beste aktørar var utan tvil dommartrioen. Godt jobba!
Neste kamp for Norborg er borte mot Hareid fredag 20. august kl. 1830.
Laget: Trond Elstad – Kristian Søviknes, Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Eivind Davik Fjørtoft, 89), André Larsen, Alexander Eide (Bee, 78), Elling Mikal Kalvø -Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.
Dommar: Tor Ove Myrset (Sykkylven)
Assistentar: Øystein Ytterland (Valder) og Tor Bjermeland (Herd)
Andre resultat:
Brattvåg – Hareid 1-1
Godøy – Bergsøy 1-3
Volda – Herd 4-5
Rollon – Valder 2-1