Anlegg

Norborg har dei siste åra vore særs aktiv på anleggsutbygging og har no eit flott anlegg i Uggedalen på Grytastranda med grasbane (ferdigstilt i 2005) og kunstgrasbane (ferdigstilt i 2009), samt klubbhus og garasje. Ein har også ei grasbane i Søvikdalen.

Info om banene og utbygging finn du på linkane under:

Uggedal stadion gras

Uggedal kunstgras

Klubbhus

Søvikdalen og Uggedal grus:

På 1960-talet vart det bygd grusbane i Søvikdalen. 12. mai 1968 vart den første seriekampen spelt på bana mellom Norborg og Fjørtoft. På byrjinga av 70-talet meldte det seg også eit behov for ei grasbane, og man vedtok at det skulle leggast grasdekke på grusbana i Søvikdalen. Arbeidet pågjekk i sesongane 1972-74, og dermed måtte ein leige bane andre stader. Dei to første sesongane vart det leigd bane på Vatne, men i 1974 hadde belastninga blitt for stor. Dermed måtte man spele heimekampar i Brattvåg, Sjøholt og Nørvebana i Ålesund. Til sesongen i 1975 var endeleg bana ferdig i Søvikdalen, og i tillegg var det sett opp eit klubbhus. 

På slutten av 70-talet vart arbeidet med å få bygd ei grusbane starta, men først i 1982 vart det kjøpt ei tomt ei tomt på 21,7 mål i Uggedalen. Første spadetak vart tatt i 1983, og året etter skulle man etter planen være ferdig. Grunna visse endringar greidde man ikkje dette, og først ut på året i 1985 stod bana og lysanlegget ferdig.