Brattvåg – Norborg 0-3

Brattvåg – Norborg 0-3 (0-1)
Brattvåg stadion, 02.07.10

Sjansar: 8-10

0-1 Ole Johan Urke (33)
0-2 Steffen Grytten (63)
0-3 Hans Edvard Nordang (86)

Norborg har venta lenge på å vinne ein seriekamp over Brattvåg, og endeleg, fredag 2. juli 2010 kl. 2018 var sigeren eit faktum. Norborg hadde sigra 3-0, og det på bortebane. Norborg er best i Haram, i alle fall denne kvelden. Takk for ein flott kveld, Norborg!

No skal det avgjerast kven som er best i Haram, annonserte arrangørlaget før kampen, og dei fotballinteresserte i Haram svara med godt oppmøte denne varme julikvelden.

Den første halvtimen var nervøs og sjansefattig. Brattvåg vann dei fleste duellane og andreballane, men greidde ikkje å sette keeper Espen Wold på prøver. Etter ein sjanse til kvart lag opna kampen seg opp det siste kvarteret av 1. omgang. Først blir Brattvåg sin midtbanegeneral Even Heggdal spelt fri, men keeper Wold vinn duellen med ein flott beinparade. Norborg går rett i angrep og får frispark på kanten av 16 meteren. Ole Johan Urke la ballen til rette og klinka den i nota bak arbeidskollega Geir Roar Gamlem i Brattvåg-buret. 1-0, og Norborg kunne roe nervane. Etter målet tok Norborg over kampen og produserte gode sjansar til å auke leiinga. Den største hadde Stein Erik Reitan då han sette ballen over nærmast tomt mål. – Ja, eg burde ha scora der, konkluderte Reitan i pausa.

Norborg hadde motvind i slutten av 1. omgang, og sjølv om det var sidebytte så fekk ein motvind også i starten av 2. omgang. Brattvåg la eit stort press på gjestane og trefte både tverrliggjar ved Even Heggdal og stolpen ved Jan Tore Fjørtoft, medan Rickard Tomren heada ein corner over frå kloss hald. Norborg var både dyktig og heldig som unngjekk utliking, og så, mot spelets gong dukkar Steffen Grytten opp på bakerste stolpe å sette inn 0-2 etter eit vakkert angrep med innbyttar Edward Laverton som arkitekt. Han spelte ein genial stikkar til Kristoffer Søviknes i staden for å legge inn sjølv. Søviknes fann så Grytten framfor mål, som enkelt putta frå 5 meter. Norborgarane ana sensasjon!

Brattvåg la om frå 4-3-3 til 4-2-4 og førsøkte å legge press på Norborg. Sjansar fekk vertane, men mål vart det ikkje. Med Brattvåg si offensive satsing blottla ein seg også bakover. Noko som førte til store sjansar til Norborg. Både Adrian Håbet og Tarjei Urkedal var åleine med sin tidlegare medspelar Geir Roar Gamlem, men sistnevnte stod godt og haldt Brattvåg inne i kampen. Fem minutt før slutt måtte han likevel plukke ball nr. 3 ut av målet då Hans Edvard Nordang scora på straffe etter at Steffen Grytten at blitt hekta på veg igjennom Brattvåg sitt forsvar. 3-0 til Norborg, og kampen var punktert.

Norborg-trenar Ivar Roald er busett i Brattvåg og har tidlegare vore hovudtrenar for klubben. Det var tydeleg at dette var ein siger som smakte særs godt. Ja, kanskje best av alle dei 43. sigrane han har tatt med dei oransje og svarte frå Nordre Borgund. – Vi var dyktige til å forsvare oss i dag og scorar på nær halvparten av sjansane. Då må det berre bli siger, sa ein smilandes Roald etter kampen.

– Kan oss få kjøpe Roger, spurte ein overraskande sprudlande Brattvåg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen. Han hadde sett det same som oss. Roger var suveren i Norborg-forsvaret og var banens einar med kløkt, fart og teknikk. Tett fulgt av tidlegare klassekamerat Espen Wold, som stod fram med glimrande redningar då laget trengte han som mest.

Brattvåg og Norborg tek no ferie med 17 poeng kvar etter 12. serierunder. Dette gir 5. og 6. plass på 3. divisjonstabellen.

Norborg sin første kamp etter ferien er heime mot Rollon tysdag 10. august.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes (Steffen Grytten, 46), Roger Grytten, Hans Edvard Nordang, Knut Ivar Bjørlykhaug – Ole Johan Urke (Edward Laverton, 59), André Larsen (Elling Mikal Kalvø, 76), Adrian Håbet, Stein Erik Reitan – Tarjei Urkedal (Eivind Fjørtoft, 88), Kristoffer Søviknes (Kjell-Terje Brusdal, 88).

Kampen minutt for minutt:
7 min: Kristoffer Søviknes med bra sjanse. Avslutning blokkert til corner.
10 min: Kristoffer Grønmyr åleine med keeper, men avsluttar til side for mål frå litt skrått hald.
32 min: Even Heggdal med stor sjanse. Keeper Wold med flott beinparade.
33 min: 0-1!! Ole Johan Urke klinkar eit frispark i mål frå 20 meter.
39 min: Stein Erik Reitan med gedigen sjanse. Skyt over opent mål frå 14 meter.
40 min: Stor Norborg-sjanse som keeper Gamlem får redda.

50 min: Kristoffer Søviknes med bra sjanse etter forarbeid av Tarjei Urkedal. Avslutninga går til side for mål.
53 min: Even Heggdal skyt i tverrliggjar frå 20 meter.
54 min: Jan Tore Fjørtoft skyt eit frispark frå 25 meter i stolpen.
61 min: Rickard Tomren hedar ein corner like over.
63 min: 0-2! Steffen Grytten puttar frå kloss hald etter forarbeid av Edward Laverton og Kristoffer Søviknes.
67 min: Adrian Håbet spurtar forbi Brattvåg-forsvaret, men greier ikkje å overliste keeper Gamlem.
71 min: Øyvind Sundnes skyt utanfor frå 16 meter.
79 min: Farleg corner av Brattvåg. Redda på strek.
85 min: Tarjei Urkedal er igjennom, men Geir Roar Gamlem reddar.
86 min: Steffen Grytten hekta innafor straffefeltet då han er på veg igjennom. Hans Edvard Nordang scorar!!
88 min: Rickard Tomren headar frå kloss hald, men Espen Wold reddar fenomenalt.
92 min: Knut Ivar Bjørlykhaug reddar på strek.
94 min: Edward Laverton held show på venstresida. Tek tunell på Alvestad og driblar seg ned til kortlinja før han legg ut til Eivind Fjørtoft som skyt like utafor krysset.