Spjelkavik – Norborg 2-2

Spjelkavik – Norborg 2-2 (0-0)
Spjelkavik stadion, 25.06.10

Sjansar: 5-5

1-0 Andreas Havnegjerde (54)
1-1 Adrian Håbet (56)
2-1 Andreas Havnegjerde (62)
2-2 Tarjei Urkedal (89)

Jamt og spennande i Spjelkavik der heimelaget leia to gongar, men gjestane kom tilbake å redda uavgjort like før slutt. Heimelaget hadde ballen mest, men Norborg sin meir direkte spelestil skapte vel så mykje framfor mål.

Dårleg oppladning
Norborg kom til Spjelkavik stadion med ei heller svak førebuing. Fleire hadde vore borte på ferie og andre hadde slete med skader. Berre 7 mann var i trening måndag om enn nokre fleire på onsdag. Roger Grytten var borte på ferie, Kristian og Kristoffer Søviknes landa på Vigra tre timar før kampstart, Jan Even Drønnesund måtte testast før kamp og Alexander Eide, Geir Ove Grønli og Kristian Furnes var skada. Likevel, Norborg stilte på papiret eit bra lag og alt anna enn poeng ville vere ein nedtur.

Tafatt før pause
Ingen av laga greidde å tilrive seg initiativet i 1. omgang. Spjelkavik hadde ballen mest, men haldt seg stort sett på eigen banehalvdel. Norborg litt småstressa med ball og søkte litt for ofte den lange ballen mot sine spissar. Det var ikkje vellykka mot luftsterke Spjelkavik-stopparar. Norborg hadde dei to første skikkelege målsjansane rundt ein halvtime ut i kampen. Først legg Kristian Søviknes ein god corner på Hans Edvard Nordang sitt hovud, men headinga går like utanfor stolpen. Nokre minutt seinare er det Stein Erik Reitan som kontrar på høgresida og legg inn til Kristoffer Søviknes som avsluttar utanfor. Spjelkavik hadde ikkje skapt anna enn nokre halvsjansar før Andreas Havnegjerde får sjansen to minutt før pause då han vart spelt fri av spissmakker Halvard Westad. Avslutninga var redda av ein opplagt Espen Wold. Laga gjekk dermed til pause med 0-0.

Kampen opnar seg opp
2. omgang vart langt meir underhaldande. I alle fall dei første tjue og siste fem minutta. Ti minutt ut i omgangen snappar Spjelkavik opp ei laus pasning ved midtstreken. Heimelaget kontrar og slår ei pasning i bakrom som når Andreas Havnegjerde. Han tek seg god tid og plasserar ballen bak Wold.

Gleda varte ikkje lenge for Spjelkavik. Berre to minutt seinare får Kristoffer Søviknes formidla ballen til Adrian Håbet midt inne på Spjelkavik sin halvdel. Adrian tek med seg ballen mot 16 meteren og skyt hardt oppe i vinkelen. Keeper Halvorsen får så vidt ein finger på ballen, men kan ikkje hindre at det står 1-1. Andreas Havnegjerde er diverre for Norborg ikkje ferdig for dagen og snappar opp ballen etter ein forsvarsmiss av Norborg. Nok ein gong er han åleine med keeper Wold og for andre gong vinn han duellen.

Etter denne friske opninga på omgangen roa det seg. Norborg jakta utlikning, men vart for upresise i dei avgjerande situasjonane.  Fem minutt før slutt ropar Tarjei Urkedal på straffe då han stjal ballen frå keeper Halvorsen og vart takla bakfrå. Dommar Yttarland vinkar spelet vidare. Norborg og Tarjei skulle likevel få utlikninga si. Steffen Grytten hadde blitt huka inn til kamp og skuffa ikkje då han la perfekt inn til Tarjei som sette inn 2-2 med pannebrasken. Eitt minutt stod då igjen av ordinær tid.

Norborg hadde styrt kampen dei seinaste minutta og ville ha meir enn eitt poeng, men så dreg dommar Ytterland opp det raude kortet til Bee for ei takling på midtbana. Bee viste knottar med høgrefoten, men trefte tydeleg ballen. Dei fleste vart dermed sjokkert då det raude kortet kom opp av lomma. Spesielt då Spjelkavik ikkje fekk kort på ein liknande situasjon tidlegare i kampen. På det påfølgjande frisparket fekk heimelaget ein stor sjanse til å score, men avslutninga gjekk over.

Greitt resultat
Etter spel og sjansar så var 2-2 eit rettvist resultat. Ingen av laga imponerte spelemessig på den sleipe bana. Spjelkavik hadde ballen mest, men Norborg skapte vel så mange situasjonar framfor mål. Best på Norborg var midtbaneslitar André Larsen. Han jobba konstant kampen igjennom og riv i stykker motstanders offensive spel. Tarjei Urkedal var aktiv på topp og redda også dagen med si seine scoring.

– Dette var ein kamp vi kunne ha tatt alle poenga, sa Norborg-trenar Ivar Roald. Han er likevel ikkje misnøgd med at det vart eitt poeng. – Slik kampen utvikla seg der vi kjem under 2-1 så er det greitt med uavgjort. Om utvisninga. Den var altfor hardt i dømt. Det hadde aldri blitt utvisning om det var 5 minutt ut i kampen. Kvifor skal han då plutseleg dra fram det raude kortet på overtid til ein spelar som gjer si første takling?

Pizza og potetgull
Lillegut-spelar Anders Toven vart redningsmann for midtstoppar Hans Edvard Nordang. Hans fekk tidleg krampe. Ivar ropte etter salt og Anders fortalte då at han hadde potetgull. I pausa fråtsa Hans i potetgull og gjennomførte kampen. Gleda var også stor då det stod to pizzaer å venta på Norborg i garderoba. Flott bevertning av Spjelkavik.

Neste oppgåve for Norborg er lokalderbyet borte mot Brattvåg fredag kl. 1830.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Edward Laverton, 79), André Larsen, Adrian Håbet (Steffen Grytten, 84), Stein Erik Reitan (Skjalg Volstad, 72) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Eivind Fjørtoft, 90)

Andre resultat i 3. divisjon fredag:
Volda – Hareid 5-1
Herd – Bergsøy 6-0
Rollon – Brattvåg 3-5
Godøy – Stranda 1-2