Norborg – Valder 2-0

Norborg – Valder 2-0 (2-0)
Uggedal stadion, 04.06.10

Sjansar: 8-5

1-0 Kristoffer Søviknes (24)
2-0 Kristoffer Søviknes (27)

Norborg stod med fire tap på rad, men behaldt alle poenga denne gong takka vere to raske mål av Kristoffer Søviknes like etter halvspelt 1. omgang. Valder hadde ballen klart mest både før og etter måla, medan Norborg viste god kontringsfotball og stod for dei fleste klare sjansane.
– Viktig at oss vann ein kamp igjen, sa trenar Ivar Roald etter kampen. Det vart ein rotete kamp for oss der fleire av spelarane er for oppjaga og dermed ikkje greie å finne medspelarane sine med ball. Innsatsen er det lite å klage på, fortsette han. – Vi har ballen klart mest, men taper dei avgjerande duellane, sa Valder sin sportslege leiar Geir Olav Kristiansen.

Valder kom klart best i gong i den iskalde vinden på Uggedal stadion og hadde eit skot i stolpen før dei fleste av dei om lag 90 tilskodarane hadde kome inn stadionporten. Valder pressa på dei første tjue minutta mot ei Norborg-lag som hadde problem med både pasningar og skikkelege klareringar. Men trass Valder sitt store trykk så var det Norborg som kom seg til sjansane. Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes og André Larsen fekk alle høve til å score, men utan resultat.

Tre magiske minutt
Like etter halvspelt omgang får Norborg endeleg hol på byllen då Kristian Søviknes legg inn i feltet til Tarjei Urkedal som får gitt ballen vidare til Kristoffer Søviknes. Han gjer ingen feil og plasserar ballen enkelt i tomt mål. Tre minutt seinare er det klart for 2-0. Nok ein gong er det Kristoffer som sette ballen i mål etter eit vakkert angrep. Skjalg Volstad slår ei presis 40 meterspasning til Tarjei Urkedal på kanten av 16 meteren. Han gir baller til Kristoffer, som finter av ein motspelar og sette ballen klinisk inne ved lengste stolpe.

Norborg hadde knapt hatt ballen, men statistikken viste 6-2 i sjansar og 2-0 i mål. Valder spelte god pasningsfotball mellom 16 meterane, men det vart omstendeleg og få sjansar av det. På slutten av omgangen hadde Valder to sjansar til å redusere, men då stod keeper Espen Wold fram og hindra mål.

Norborg med full kontroll
Etter pause var det langt mellom høgdepunkta. Valder greidde i større grad å hindre Norborg sine kontringar, medan dei sjølve vart meir og meir frustrerte over å ikkje lykkast offensivt. Det var Norborg som hadde dei to største sjansane også i denne omgangen. Debutant Hans Edvard Nordang kunne fått ein pangstart i den oransje trøya, men keeper Mathias Mauren Richardsen redda avslutninga frå kloss hald. Nordang gjorde likevel ein flott debut og viste god duellstyrke og bra teknikk. Tarjei Urkedal var nær 3-0 like før slutt då han fekk skyte frå 12-13 meter, men keeper Richardsen fekk slått ballen i tverrliggjar. Dermed 2-0 og tre kjærkomne poeng til Norborg på ein dag då ein skapte bra med sjansar til trass for at ein hadde ballen lite.

Kristoffer Søviknes får bestemannsprisen fordi han gjor det som er viktigast i fotball, å score mål. Han skapte problem for Valder sitt forsvar med farta si før pause, men vart langt mindre synleg i 2. omgang. Roger Grytten var god gjennom heile kampen i midtforsvaret, medan keeper Espen Wold tydeleg hadde bestemt seg for å endeleg halde nullen på Uggedal stadion – første sidan 3. juli i fjor – og tok det som kom forbi eit godt heimeforsvar.

Neste kamp for Norborg er borte mot Volda på fredag.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Bee, 58), André Larsen, Skjalg Volstad, Alexander Eide (Hans Edvard Nordang, 46) – Tarjei Urkedal (Eivind Davik Fjørtoft, 90), Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 83).

Dommar: Torbjørn Krøvel (Ørsta)
Assistentar: Lars Ove Sletta (Langevåg) og Tor Bjermeland (Herd)

Andre resultat 3. divisjon:

Bomba small på Stranda!
Stranda – Herd 2-1 (1-0)
To mål av Kato Vangen var nok til tre særs overraskande poeng til heimelaget. Eirik Hoset reduserte for Herd like før slutt.

Hareid – Bergsøy 1-2 (1-1)
Heimelaget var nær poeng mot hardtsatsande Bergsøy, men like før slutt sette Harald Haugen inn vinnarmålet for fosnavågarane. Kim Tore Husøy ga Hareid leiinga før Alexander Dahle utlikna.

Spjelkavik – Godøy 3-0 (1-0)
Godøy ventar stadig på sin første siger for året og greidde det heller ikkje i kveld. To mål av Andreas Havnegjerde og eitt av Mustafe Dahir sørga for 3-0 til vika.

Brattvåg – Volda 4-4 (2-2)
Underhaldande i Brattvåg med fire mål og to utvisningar, begge hos heimelaget. Mål av Kristoffer Grønmyr og Torstein Alvestad ga Brattvåg 2-0 leiing før 25 minutt, men Volda kom sterkt tilbake og utlikna før pause ved Knut Arne Grimstad og Frantz Frantzen. Brattvåg gjekk til pausen med ein mann mindre etter at Jan Tore Fjørtoft vart utvist. Heimelaget går likevel opp i 3-2 ved Martin Sundnes, men så snur Volda kampen til 3-4 ved Knut Arne Grimstad og Trond Brynestad. Mellom måla hadde Kristian Grønmyr rukke å bli utvist. Brattvåg likar overtid og i det 94. minuttet utliknar Øyvind Sundnes og sikrar eitt poeng for 9-manns Brattvåg.