Stranda – Norborg 0-3

Stranda- Norborg 0-3 (0-2)
Stranda Stadion, 29.04.10

Sjansar:
2-8

0-1   Ole Johan Urke (7)
0-2 Ole Johan Urke (32)
0-3 Geir Ove Grønli (72)

Norborg tok ein ny bortesiger då Stranda vart slått med solide 3-0. Oransjetrøyene tok tidleg leiinga og hadde full kontroll på eit uvanleg sløvt heimelag.

– Eg likar at spelarane går ut og krigar, og det gjorde oss veldig bra i dag, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen. Tydeleg at oss har meir rutine enn Stranda etter eit år i 3. divisjon. Det verka også som dei hadde respekt for oss. Elles føler eg at vi hadde full kontroll etter at vi fekk det tidlege leiarmålet, fortsette han.

Etter nokre minutt med ta og føle på så scorer Norborg på sin første sjanse då Ole Johan Urke viser fram høgrefoten sin og klinkar ballen i nota frå 16 meter. Norborg fortsette å skape sjansar, og trefte blant anna tverrliggjar etter ein lobb av Tarjei Urkedal. Men 2-0 kjem ikkje før i det 32. minutt då Ole Johan Urke igjen sette ballen i nota. Denne gong etter eit innlegg frå Kristoffer Søviknes og skot frå 12 meter.

Norborg hadde full kontroll i denne omgangen og slapp ikkje Stranda til ein einaste målsjanse, mens ein hadde seks gode sjølv. Særs sterkt av oransjetrøyene. 

Norborg forventa eit massivt press av Stranda i 2. omgang, men dette kom aldri. Etter tjue minutt med lite fint spel, mykje kriging og ingen sjansar. Er det igjen Norborg som får ein stor sjanse. Denne gong med Alexander Eide, men avslutninga frå omtrent straffemerket gjekk over. 3-0, skulle likevel kome, Tarjei Urkedal blir skubba i bakken av keeper Daniel Berbecki og korrekt i dømt straffespark. Straffa sette Geir Ove Grønli sikkert i mål etter å ha sendt keeper feil veg. 3-0, og Norborg har punktert kampen.

Stranda var uvanleg tafatte i denne kampen, og skapte særs lite framfor Norborg sitt mål. To sjansar like etter 3-0 målet var alt. Norborg fekk tidleg kampen inn i sitt spor, var trygge defensivt og skapte mange sjansar, spesielt i 1. omgang då ein fekk til gode kontringar. I 2. omgang fekk vi sjå ein kamp med lågt tempo og lite kreativt spel.

Mange spelarar med stor innsats hos Norborg, men dei beste var nok midtstopparparet Roger Grytten og Kjell-Terje Brusdal. God kommmunikasjon, fart og taklingsstyrke gjor at Stranda fekk lite til.   – Vi spelte ein taktisk god kamp. Forsvarte oss klokt, kontra bra og vann fortent. Ein kamp oss hadde kontroll på frå start til slutt. Eg hadde forventa meir av Stranda, men trur det var oss som gjorde Stranda svake med aggressivt spel, sa målscorar og fotballformann Geir Ove Grønli.

Norborg kan no nyte tabelltopp til resten av kampane blir spelt fredag kveld.

Norborg sin neste kamp er heime mot Hareid fredag 7.mai kl. 1830.

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Ole Johan Urke (Skjalg Volstad, 80), André Larsen (Kristian Furnes, 90), Alexander Eide, Tarjei Urkedal – Geir Ove Grønli, Kristoffer Søviknes (Daniel Olsbø, 89).

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Jan Erik myklebust (Åmdal) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)