Norborg – Måndalen 4-0

Norborg – Måndalen 4-0 (1-0)
Norborg KGB, 06.04.10

Sjansar: 11-4

Mål: Alexander Eide (13), Tarjei Urkedal (56, str. 63, 85)

Norborg stilte med sin største tropp for året og hadde få problem med å vinne 4-0 over gjestane frå Romsdalen. Etter berre 1-0 til pause, vakna fjorårstoppscorar Tarjei Urkedal til live og sørga med sine tre mål for at det vart respektable 4-0 i generalprøven.

Det var likevel gjestane som kom best i gong og fekk ein stor sjanse til å ta leiinga i det 3. minuttet, men Måndalen-spelaren avslutta utanfor tomt mål. Norborg tok etter dette gradvis over og 13 minutt ut i kampen ordna Alexander Eide 1-0 på eit utsøkt utsideskot frå 18 meter.

Halvvegs i omgangen laga keeper Espen Wold arbeid for seg sjølv då han sparka ballen inn i ein Måndalen-angripar så ballen gjekk først i tverrliggjar, så ut i beina på motstandaren og i stolpen. Nærare utlikning kom ikkje Måndalen. For resten av omgangen eigde Norborg. Spesielt vingane Alexander Eide og Ole Johan Urke var aktive og kom seg til fleire gode innlegg, men presisjonen hos angriparane var ikkje god nok til å gje fleire mål før pause.

Norborg bytta mange mann i pausa, utan at det gjekk ut over kvaliteten på spelet. Vi fekk sjå fleire gode angrep og etterkvart ein målsugen Tarjei Urkedal. Først sette han inn 2-0 frå kloss hald etter massivt Norborg-press etter eit frispark. 3-0 kom på straffe etter at midtstoppar Elling Mikal Kalvø hadde blitt hekta. Tarjei bomma på den første straffa, men sidan ein, eller fleire, Måndalen-spelarar hadde sprunge inn i 16 meteren før straffa vart tatt, fekk han ein ny sjanse. Denne sette han sikkert i mål.

Måndalen kom litt meir med etter 3-0 og spelte seg fram til eit par sjansar, men keeper Trond Elstad ville ikkje vere noko dårlegare enn kollega Wold, og haldt nullen. Fem minutt før slutt fullførte Tarjei Urkedal sitt hat-trick med ein utsøkt lobb over keeper. 4-0, og positive takter av Norborg.

– Vi har nokre rustne spelarar i dag, men gjer totalt ein brukbar kamp, sa trenar Ivar Roald etter kampen. Alexander Eide var Norborg sin bestemann i dag. Mange offensive initiativ, gode innlegg og evne til å gjere det overraskande.

Dette var Norborg sin siste treningskamp før serieopninga mot Brattvåg torsdag 15. april kl. 1830 i Uggedalen. Motivasjonen bør vere på topp i dei tre treningane før den tid.

Laget: Espen Wold (Trond Elstad, 46) – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 46), Roger Grytten (Elling Mikal Kalvø, 46), Geir Ove Grønli (Daniel Olsbø, 46) – Ole Johan Urke (A. Larsen, 69), André Larsen (Adrian Håbet, 46), Skjalg Volstad (Steffen Grytten, 46), Alexander Eide (G.O. Grønli, 69) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (K-T. Brusdal, 69).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Arild Vegsund (Norborg) og Helge Uggedal (Norborg)