Norborg – Harøy 3-1

Norborg – Harøy 3-1 (3-0)
Norborg KGB, 23.02.10

Sjansar: 8-4

1-0 Tarjei Urkedal (29)
2-0 Alexander Eide (31)
3-0 Daniel Olsbø (34)
3-1 Nicolai Brunvoll (66)

Dommar: Arild Vegsund

Laget: Trond Elstad – Kristian Søviknes, Geir Ove Grønli, Roger Grytten, Kristian Furnes (Johan Stavik, 46) – Ole Johan Urke (Kjell-Terje Brusdal, 67), Skjalg Volstad, Bee, Daniel Olsbø – Alexander Eide, Tarjei Urkedal.

Norborg avgjorde denne treningskampen med fem sterke minutt i 1. omgang. Fjorårstoppscorar Tarjei Urkedal opna scoringsshowet før lepsøyingane Alexander Eide og Daniel Olsbø tok over. Norborg styrte kampen etter pause, men det var Harøy som scora omgangens einaste mål på ei av sine kontringer. Banetilhøva vart verre etterkvart som kampen gjekk og ein valde å avslutte eit kvarter før slutt grunna glatt bane.

Etter jamne opningsminutt tok Norborg over styringa og skapte fleire gode sjansar. Ole Johan Urke avslutta i tverrliggjar, Tarjei Urkedal missa åleine med keeper, medan Geir Ove Grønli heada over frå god posisjon. Etter desse bommane fekk vi ein ketsjup-effekt med tre mål på fem minutt. Tarjei ordna 1-0 etter legg frå Ole Johan, så gjer Tarjei forarbeidet då Alexander Eide spaserer ballen i mål, medan Ole Johan gjer forarbeidet då Daniel Olsbø gjer sitt første mål i Norborg-trøya. Daniel mottok ballen på kanten av 16 meteren, finta seg innover og avslutta med ein markkrypar under Harøy sin keeper.

Etter pause hadde Norborg ballen mykje, men Harøy var slettes ikkje ufarlege på kontringar. Norborg spelte også store delar av omgangen med ein mann mindre då Ole Johan Urke vart skada og Kjell-Terje Brusdal tok seg særs god tid til å varme opp. I denne perioden fekk då også Harøy kontra inn ei redusering ved Nicolai Brunvoll. Harøy var også nær 3-2 like etter, men ei fantastisk redding av keeper Trond Elstad hindra redusering. Tjue minutt før slutt bestemte laga seg for å avslutte kampen på grunn av glatt bane.