Norborg – Sunndal 1-1 (1-1)
Norborg KGB, 06.02.10
2 sjansar 6
3 cornere 6
0-1 ? (18)
1-1 Ole Johan Urke (25)
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg) og Odd Arne Grande (Skodje)
Laget: Espen Wold (Trond Elstad, 46) – Kristian Søviknes, Kristoffer Søviknes, Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 46), André Larsen, Skjalg Volstad (Bee, 76), Bee (Daniel Olsbø, 46) – Tarjei Urkedal, Alexander Eide (Geir Ove Grønli, 46).
Norborg greidde ikkje å kome opp på det nivået ein har vist den siste tida, og må seie seg heldige som ikkje gjekk på eit tap mot Sunndal. Ole Johan Urke redda uavgjort då han lurte Sunndal si offside-felle.
3. divisjonslaget Sunndal er på sunnmørstur og fekk sjå Grytastranda bade seg i sol, men diverre hadde det skote opp noko is nede i bana som gjorde at speleforholda vart vanskelege.
Norborg mangla den viktige midtstopparen Roger Grytten i denne kampen, og i det høve fekk Kristoffer Søviknes prøve seg i midtforsvaret for første gong på A-laget. – Dette var artig. Eg kosa meg veldig i denne posisjonen, sa Kristoffer, som normalt er å finne i Norborg sitt angrep.
Det vart tidleg klart at Sunndal haldt eit høgare nivå enn motstandarane ein har hatt i årets to første treningskampar. Norborg fekk mindre tid med ball og vart springande ein del i mellom raske og ballsikre Sunndal-spelarar. Sunndal såg også ut til å vere litt meir spelesugne enn vertane. Ikkje så rart sidan dette var Sunndal sin første kamp for året.
Sunndal kom best i gong og på sin andre store sjanse sette ein Sunndal-spelar ballen presist i mål heilt oppe ved krysset etter eit flott angrep på høgresida og lavt legg ut på 16 meteren. Ole Johan Urke viser solid scoringsform om dagen og teikna seg nok ein gong på scoringslista då han fann seg sjølv åleine med keeper etter eit klareringsoppspel av Kristoffer Søviknes. Urke sette ballen presist i mål og laga er like langt. Resten av omgangen vart eit langt gjesp der ingen av laga fekk til noko spesielt.
Norborg sleit med sitt offensive spel og fekk ein del kontringar i mot i 2. omgang, men forsvar og keeper var både heldige og gode som hindra mål i mot. Kristian Søviknes redda på strek ein gong, medan stolpen stod i vegen fire minutt før slutt. Norborg sin einaste sjanse i 2. omgang kom tjue minutt før slutt då Tarjei Urkedal fekk stå åleine på straffemerket å heade eit godt innlegg, men keeper fekk redda.
Kampen ebba ut med 1-1 i ein nyttig treningskamp for Norborg. Kristoffer Søviknes og forsvaret var Norborg sine beste. Daniel Olsbø har trent med Norborg denne veka og fekk sin debut då han kom inn til 2. omgang. Daniel er ein rask høgreving frå Lepsøy. Keeper Trond Elstad har trent godt den siste månaden og stod 2. omgang. Norborg har dermed i år også ein god keeperduo.
Norborg skal ut i ny treningskamp allereie på torsdag. Då mot Ravn.