Norborg – Godøy 4-1

Norborg – Godøy 4-1 (1-0)
Uggedal KGB, 21.10.11

Sjansar: 12-5 / cornere: 3-6

1-0 Ole Johan Urke (15)
1-1 Andreas Kiplesund (49)
2-1 Tarjei Urkedal (50)
3-1 Joakim Kjærstad (65)
4-1 Kristoffer Søviknes (90)

Norborg gjorde jobben sin mot Godøy og vann til slutt komfortabelt 4-1. Kampen var temmeleg jamspelt fram til Tarjei Urkedal fiksa 2-1 leiing. Etter det var det stort sett spel mot eitt mål og då keeper Joakim Kjærstad scora på eit utspel frå eiget staffefelt var sigeren i boks. Godøy hadde lite å stille opp med og det er utruleg at det berre vart eitt mål til då Kristoffer Søviknes sette inn årets siste mål.

– Vi vinner komfortabelt på ein dag der berre siger var godt nok. Ikkje den beste kampen spelemessig, men totalt sett så vinn vi fortent. Synd at sesongen er ferdig no som vi har fått tilbake eit stabilt lag som har prestert tre gode kampar på rad. Det laget vi starta og avslutta sesongen med er godt nok til topp 6. Vi får håpe at den gode avslutningen kan takast med inn i ein ny sesong, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Utgangspunktet for Norborg var klinkande klart. Ein måtte vinne over Godøy for å kome bort i frå det som kan gi nedrykk, samstundes som Rollon eller MSIL måtte feile i sine kampar. Alt låg til rette for ein spennande kveld i Uggedalen.

Norborg starta i motvind, men hadde likevel eit visst initiativ i kampen sjølv om ein ikkje greidde å skape dei store sjansane dei første ti minutta. Så tok Tarjei Urkedal saka i eigne hende. Han sprang med ballen i 50 meter før han var igjennom Godøy sitt forsvar, men i ein litt pressa sistuasjon vart avslutninga redda av keeper Øyvind Akerø. Tre minutt seinare kom så scoringa som roa nervane. Ole Johan Urke tek eit skliskot frå 14 meter og ballen fyk i mål til stor glede.

Etter målet forandra kampbiletet seg. Godøy flyttar opp laget og vinn duellane. Henning Dyb dominerar midtbana og det er utruleg at utlikninga ikkje kjem på tre store sjansar der den eine var ein trippelsjanse. Men, enten så stod keeper Joakim Kjærstad i vegen, stolpen, eller Elling Mikal Kalvø. Mot slutten av omgangen spakna Godøy og Norborg får igjen kontroll på kampen. Ein er også nær 2-0 då Preben Lorgen forsøker seg på ein lobb. Ballen gjekk i tverrliggar, i keeper, opp igjen i tverrliggaren og ut til Cato Longva, som sette ballen utanfor frå 5 meter. – Ej trur ej aldri he bomma på ein større sjanse, sa Cato i pausen.

2. omgang starta på verst tenkelege måte for Norborg då Erlend Holmen kom seg igjennom frå venstre og scora. Gleda vart likevel ikkje lenge for Godøy. Det gjekk ikkje minuttet før Tarjei Urkedal kjempar inn 2-1 frå fem meter. Norborg tek no kraftig over, og skaper sjanse på sjanse. Men, det er keeper Joakim Kjærstad som score målet. Frå eige straffefelt klinkar han ballen opp mot motstandarens mål. Ballen landar utanfor Godøy sin 16 meter, sprett fint over keeper før den trillar i mål. Fantastisk!!

Norborg fortsette å skape sjansar, men måtte vente til overtida før 4-1 vart satt inn. Då vinn Kristoffer Søviknes ballen frå Trond Valkvæ og scorer åleine med keeper.

Norborg viste seg som eit betre lag enn Godøy denne gong og vann fortent sjølv om fleire spelarar var under pari i dag. Vi gir Joakim Kjærstad bestemannsprisen. Han leverte nokre gode redningar og scorte eit utsøkt mål. Kristoffer Søviknes og Tarjei Urkedal skal ha skryt for god innsats.

Når Blindheim gjorde jobben sin mot Rollon vart det ein ekstra god smak på sigeren. Norborg er fortsatt eit 4. divisjonslag om ikkje alt går gale i morgon.

Laget: Joakim Kjærstad – Asgeir Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang – André Larsen, Preben Lorgen, Tarjei Urkedal – Cato Longva (Bee, 88), Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke