Norborg – FK Sykkylven 1-1

Norborg – FK Sykkylven 1-1 (0-1)
Uggedal stadion, 02.06.11

Sjansar: 6-8 / cornere: 5-7

0-1 Lars Kristian Hjelseth (30)
1-1 Alexander Eide (60)

Raudt kort: Preben Lorgen (38)

FK Sykkylven spelte ut Norborg i nesten 40 minutt og leia 1-0, men då Norborg nok ein gong fekk ein mann utvist, tok ein over kampen å skapte tre store sjansar før pause. 2. omgang var jamn, men etter at Norborg fekk utlikninga så var FK Sykkylven nærmast sigeren med eit par store sjansar dei siste tjue.

– Vi gjer det vaskeleg for oss sjøl, men vi hevar oss etter utvisninga og får med oss eit fortent poeng, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Det var gjestane frå Sykkylven som kom best i gong på Uggedal stadion i dag. Med kvikke og teknisk gode spelarar, stor duellvilje og løpskapasitet, gjorde dei Norborg sine spelarar om til statistar det første kvarteret. Fleire halvsjansar vart produsert og ein stor då Lars Kristian Hjelseth rundar keeper og sende ballen mot mål, men Preben Lorgen reddar på strek.

Norborg kom seg litt inn i kampen etterkvart, men det er fullt fortent då FK Sykkylven tek leiinga etter ein halvtimes spel då ein Lars Kristian Hjelseth utnyttar sløvt forsvarsspel av Norborg og scorer åleine med keeper. To minutt seinare skapar Norborg endeleg sin første sjanse i kampen, men Tarjei Urkedal headar Preben Lorgen sitt innlegg utanfor frå kloss hald.

I det 38. minutt skjer det mykje i Uggedalen. Først er ein sykkylving åleine med keeper, men Henrik Åkre reddar godt. Så taklar Preben Lorgen Thomas Aure. Aure sparkar etter Preben og sistnemnte får først gult kort for taklinga og så raudt for munnbruk. Dermed Norborg si fjerde utvisning på fire kampar.

Utvisninga vekker Norborg. Først skyt Ole Johan Urke i tverrliggar. Så er Cato Longva igjennom, men keeper reddr. Så er Tarjei Urkedal nær å sette ballen i mål etter ein corner frå André Larsen. Men FK Sykkylven leiar 0-1 til pause. Fortent etter spel og sjansar.

FK Sykkylven var nær å auke leiinga tidleg i 2. omgang, men skuddet stryker stolpen. Norborg tek så over for dei neste ti minutta og skaper tre store sjansar. Først blir Alexander Eide spelt fri av André Larsen, men avslutninga går rett på keeper. Så er Ole Johan Urke igjennom, men keeper får slått forsøket til corner. Asgeir Kalvø tek corneren raskt, etter litt klabb og babb så får Alexander Eide heada ballen i mål til 1-1.

Begge lag er sletne den siste halvtimen, men FK Sykkylven er nærmast sigeren etter eit par gode sjansar dei siste tjue. Likevel, vi synst Norborg fortente eitt poeng etter den gode innsatsen med ti mann. Dei første 40 bør ein gløyme snarast. Då var både duellviljen og samspelet svakt.

FK Sykkylven var betre enn venta og hadde kvikke og gode spelarar. Dei kjem nok garantert til å plukke ein del poeng framover.

Best på Norborg i dag var Elling Mikal Kalvø. Han las spelet bra og var god i duellane.

Laget: Henrik Åkre – Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Preben Lorgen – Ole Johan Urke, André Larsen, Adrian Håbet (Marius Rogne, 46), Skjalg Volstad (Jan Even Drønnesund, 74) – Tarjei Urkedal, Cato Longva (Alexander Eide, 55)