MSIL – Norborg 5-4

MSIL – Norborg 5-4 (2-3)
Mauseidvåg KGB, 27.05.11

Sjansar: 9-8 / cornere: 7-3

0-1 André Larsen (3)
1-1 Stian Hellevik (9)
1-2 Tarjei Urkedal (11)
1-3 Ole Johan Urke (29)
2-3 Stian Hellevik (34)
2-4 Ole Johan Urke (47)
3-4 Halvard Westad (59)
4-4 Espen Gresdal (str. 72)
5-4 Halvard Westad (86)

Norborg måtte for tredje gong i år reise heim med eittmålstap i bagasjen. Norborg hadde tilsynelatande god kontroll då ein leia 4-2, men i løpet av den siste halvtimen skjer det mykje rart i Mauseidvågen. Det heile startar då assistentdommar vinkar for straffe om lag tjue minutt før slutt og samtidig viser ut Kjell-Terje Brusdal. Situasjonen oppstår då Kent Robert Sørheller kastar seg fram og skyt over i ein dell med Brusdal. Diverre oppfattar assistentdommar Krøvel dette som ein straffesituasjon og overtalar dommar Murati, som stod i ein langt betre posisjon enn Krøvel, til å dømme straffe. Gresdal sette straffa sikkert i mål og Kristoffer Søviknes rettar tommelen veret mot Krøvel. Søviknes får då sitt andre gule kort og blir også utvist. Med ni mann på bana er Norborg fullt på høgde med MSIL, men nokre minutt før slutt greier MSIL å få til eit godt angrep på si høgreside og Westad sette ballen i mål frå kloss hald. Norborg får sin sjanse til å utlikne, men ballen blir redda på strek. Dermed kunne heimelaget juble for tre poeng, medan ein frustrert Norborg-gjeng måtte ta ein tung tur heim. Eit bittert tap i ein kamp ein absolutt skulle hatt tre poeng.

Det tok berre tre minutt før Norborg tok leiinga i kampen då André Larsen curla ballen fint i mål frå 10-12 meter etter pasning av Tarjei Urkedal. Dermed ein perfekt start på kampen for dei oransje. Heimelaget sin Stian Hellevik brukte heller ikkje lang tid på å presentere seg. Etter å ha bomma åleine med keeper sette han eit frispark i mål frå dryge 20 meter til 1-1. Men Norborg var på hogget og brukte berre eit par minutt på å ta leiinga på ny etter eit fint angrep der Adrian Håbet frå ballen av Ole Johan Urke i midtsirkelen. Han avanserer mot 16 meteren før han spelar ballen ut til Tarjei Urkedal som elegant sette ballen over keeper Eikrem og i nota.

Norborg viste stor effektivitet i 1. omgang og like før halvtimen dunkar Ole Johan Urke inn eit frispark frå 22 meter. MSIL på si side er også effektive og Stian Hellevik scorer sitt og MSIL sitt andre mål ti minutt før pause på eit skot frå om lag 15 meter. Norborg går til pause med 3-2 leiing, men er noko frustrerte i garderoba då ein føler dommar Murati tillet særs mykje av heimelaget, medan Norborg blir straffa. Blant anna fekk Kristoffer Søviknes frispark i mot då han er framfor forsvararen og stussar ballen igjennom til Tarjei Urkedal. MSIL sin spelar headar i bakhovudet til Søviknes og fell i bakken. Murati gir Søviknes gult kort for protestar. Denne feilen skulle seinare vise seg å bli kostbar for Norborg.

Tidleg i 2. omgang gjer Ole Johan Urke 2-4 då han headar i mål eit frispark frå André Larsen. Norborg verkar å ha kontroll og ingen av laga skaper sjansar dei neste ti minutta. Etter eit knapt kvarter av 2. omgang reduserar Halvard Westad til 3-4 då Stian Hellevik går i kroppen på keeper Henrik Åkre så han mister ballen. I staden for at keeper får frispark sette altså Westad ballen i mål til store protestar frå Norborg. Dommar Murati ser mot sin assisten Krøvel som denne gong held flagget nede. Noko han absolutt ikkje skulle fortsette med.

Norborg spelar seg til eit par sjansar, men både Ole Johan Urke og Skjalg Volstad sine avslutningar går utafor. Tjue minutt før slutt startar dramatikken for alvor i Mauseidvågen då assistentdommar Krøvel vinkar for straffe. Situasjonen oppstår då Kent Robert Sørheller slenger seg fram å skyt over mål i duell med Kjell-Terje Brusdal. Dommar Murati står godt plassert i situasjonen og startar å springe mot midtsirkelen. Han blir då gjort merksam på at Krøvel har starta å vinke. Etter ein kort samtale peikar dommar på straffemerket. Espen Gresdal er sikkerheita sjølv og sette inn 4-4. Norborg står klar til å løyse då Krøvel nok ein gong står å vinkar ute på linja. Denne gong for å påpeike at Kristoffer Søviknes har vist han fingeren. Dommar Murati viser Søviknes det gule kortet så det raude. Norborg må fullføre med 9 mann og kampen har utvikla seg til ein parodi.

Norborg kjempa godt med ni mann og greier også å få til ein del spel mot eit usikkert heimelag. Fem minutt før slutt vinn Norborg ballen høgt å kjem tre mot tre. Adrian Håbet spelar til Tarjei Urkedal som denne gong diverre skyt i nettveggen. I staden for 4-5 blir det 5-4 då Kent Robert Sørheller kjem seg rundt på høgrekanten og finn Halvard Westad framfor mål. Målmaskina putter ballen enkelt i mål.

To minutt på overtid ser alle ballen i mål då Adrian Håbet avsluttar frå få meter, men ein MSIL spelar får slengt seg ned å redda på streken. Medan Norborg sender alle mann i angrep får Westad sjansen til å auke leiinga, men forsøket på lobb går i hendene på keeper Åkre. Dermed endar kampen med 5-4 til heimelaget.

Norborg hadde kontroll på 2/3 av kampen og burde ha fått med seg tre poeng. Diverre opplever ein å få avgjersler i mot gjennom heile kampen og til slutt så blir desse så store at dei avgjer den i motstandarens favør. Vi set også å lurer på kven som var hovuddommar i denne kampen. Murati med fløyta eller Krøvel med flagget? Murati sine avgjersler vart stadig overstyrt av assistentdommaren. Den einaste av trioen som tilhøyrer ein klubb som også spelar i divisjonen. Vi skal sjølvsagt ikkje påstå at ørstingen helst såg at MSIL vann sidan Norborg hadde kome opp på same poengsum som Ørsta, men kanskje burde ein innført ein regel om at dommarar ikkje fekk dømme i den divisjonen dommarens klubb spelar i. Nok om det. Norborg vil i alle fall starte å filme kampane sine sidan ein no føler seg vekkdømt i to bortekampar på rad.

Best på Norborg i dag var André Larsen. Han var venn med ballen, scora eit flott mål og jobba godt.

Norborg sin neste kamp er heime mot FK Sykkylven torsdag 2. juni kl. 1830.

Laget: Henrik Åkre – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang, Preben Lorgen – Ole Johan Urke (Alexander Eide, 76), André Larsen, Adrian Håbet, Asgeir Kalvø (Skjalg Volstad, 64) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.

Dommar: Zenun Murati (Giske)
Assistentar: Torbjørn Krøvel (Ørsta) og Birger Breivik (Volda)

Vi kan diverre berre gi Breivik godkjent i denne kampen. Dei to andre hadde ein skuffande dag på jobben.