Spjelkavik – Norborg 3-2 (0-1)
Spjelkavik KGB, 13.05.11
Sjansar: 14-8 /cornere: 3-4
0-1 Kristoffer Søviknes (33)
1-1 Sigve Spjelkavik (54)
1-2 Kristoffer Søviknes (59)
2-2 Adrian Hagerup (str. 62)
3-2 Sigve Spjelkavik (77)
Spjelkavik vann fortent over Norborg i kveld, men fekk litt for mykje hjelp av dommaren til å sikre seg poenga. Heimelaget styrte det meste første halvtimen, men Norborg tok kraftig over mot slutten og tok leiinga ved Kristoffer Søviknes. Etter pausa vil Spjelkavik langt meir enn Norborg og får tidleg 1-1. Norborg svarar raskt og igjen er det Søviknes som scorar. Så startar dommartrioen å miste kontrollen over kampen. Spjelkavik blir servert eit straffespark av assistentdommaren då ein spelar som kjem frå offside går i bakken etter duell. Adrian Hagerup sette straffa sikkert i mål. Så scorer Sigve Spjelkavik sitt andre mål etter at Norborg-keeper skal ha frispark. I mellomtida hadde dommar vist ut Jan Even Drønnesund på årets mest perfekte takling. Fredag den 13. vart perfekt då Norborg bomma på straffe på overtid. Spjelkavik kunne dermed juble for tre poeng. Fortent etter spel og sjansar, men diverre påverkar dommaren resultatet.
Norborg gjesta Spjelkavik og hadde tru på tre poeng mot ein motstandar som har slete i sine to første kampar. Men det skulle etterkvart vise seg at Norborg ikkje hadde dagen.
Ole Johan Urke kjem seg til kampens første sjanse i det 4. minutt, men skotet hans frå 17 meter streifar ein Spjelkavik-spelar og går like utanfor stolpen. Dei neste tjue minutta er det heimelaget som styrer det meste og kjem seg fire store sjansar. Men keeper Henrik Åkre står som ein levande vegg så det nærmaste Spjelkavik kjem er eit skot i tverrliggjar.
Norborg jobbar seg gradvis inn i kampen og startar å skape sjansar. Spesielt Kristoffer Søviknes vaknar til liv og skapar problem for heimelaget. Etter å ha misbrukt ein sjanse åleine med keeper like før halvtimen spelt gjer han ingen feil på sjanse nummer to nokre minutt seinare å sette ballen sikkert i mål etter gjennomspel av Skjalg Volstad.
Etter målet kjem Norborg seg til tre store sjansar. Elling Mikal Kalvø headar ein corner like over, medan Søviknes er åleine med keeper to gongar utan å få ballen i mål. Dermed 1-0 til Norborg ved pause.
Etter kvila tek Spjelkavik fullstendi over kampen. Norborg er sløve i presset og stressa med ball. Det går ikkje ti minutt av omgangen før Spjelkavik kjem rundt på kant og finn Sigve, med det passande etternamnet Spjelkavik, framfor mål. Han kjempar ballen i mål i kamp med to Norborg-spelarar. Vertane fortsette å skape sjansar, men i staden for 2-1 er det Norborg som kontrar ved Kristoffer Søviknes. Han spring med ballen frå midten og inn i straffefeltet der han lurer ein spelar og sette ballen i mål. Særs godt av Kristoffer.
Heimelaget gir likevel ikkje opp og få minutt seinare får dei servert eit straffespark av assistentdommar. Spjelkavik-spelaren kjem frå offside og går i duell med Elling Mikal Kalvø når han ramlar. Dommar reagerer ikkje, men assistentdommar vinkar heftig på linja og får straffa si. Adrian Hagerup sette den sikkert i mål.
Norborg får lite til og blir liggande framfor eigen 16 meter. Betre blir det ikkje då Jan Even Drønnesund blir vist det raude kortet for ei takling ut av læreboka. Dommaren stod 50 meter unna situasjonen der Drønnesund taklar reint på ballen før Spjelkavik-spelaren spring på han. Norborgarane vart overraska over at det vart blåst frispark og endå meir overraska når dommaren dreg fram det raude kortet.
Få minutt seinare kjem det eit innlegg som keeper Henrik Åkre er ute å plukka, men han mister ballen då Hans Edvard Nordang blir skubba i kroppen hans. Nedfallsfrukta tek Sigve Spjelkavik seg av å sette den i mål. Meir enn 9 av 10 dommarar vil i dette tilfellet blåse frispark til keeper. Dommar Halsen dømmer imidlertid mål og 3-2 til Spjelkavik.
Eit 10-manns Norborg prøver å løfte spelet sitt i sluttminutta og to minutt på overtid får ein løn for strevet då Johan Stavik blir skubba i ryggen av keeper og dommar Halsen peikar på straffemerket. Totalt unødvendig av keeper Standal, men han skal snart få gjere det godt igjen. Straffa til Tarjei Urkedal kjem nemleg i keeperhøgde og Standal reddar skotet. Dermed endar det med 3-2 til Spjelkavik.
Norborg var ikkje til å kjenne igjen frå kampen mot Hareid då både innsats og konsentrasjon var til stades. Dette mangla ein totalt i store delar av denne kampen. Samtidig som pasningsspelet var under ein kvar kritikk.
Keeper Henrik Åkre var Norborg sin beste spelar og haldt Norborg inne i kampen. Kristoffer Søviknes var tidvis eit einmannsangrep og ska ha honnør for to mål.
Laget: Henrik Åkre – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang (Kristian Furnes, 81) – Ole Johan Urke (Jan Even Drønnesund, 54), André Larsen, Preben Lorgen (Johan Stavik, 81), Skjalg Volstad, Tarjei Urkedal – Alexander Eide (Cato Longva, 40), Kristoffer Søviknes.