Norborg – Hareid 4-1 (3-0)
Uggedal KGB, 05.05.11
1-0 André Larsen (22), 2-0 Tarjei Urkedal (30), 3-0 Tarjei Urkedal (43), 3-1 Fredrik Aursnes (64), 4-1 Peter Elias Grytten (84).
Sjansar: 12-3 / cornere: 10-7
Norborg tok tak i kampen fra start av og skapte mange sjanser med sin direkte spelestil, og då André Larsen gav oransjetrøyene leiinga halvvegs ut i omgangen såg ein seg aldri tilbake. Ein halvskadd Tarjei Urkedal auka til både 2 og 3-0 før pause. Norborg skapte mange sjansar også etter kvila, men effektiviteten var då langt frå like god. Det vart dermed ei viss spenning i kampen då Fredrik Aursnes reduserte til 3-1 tjue minutt ut i 2. omgang. Men, dette var Norborg sin kveld, og Peter Elias Grytten la fortent på til 4-1 nokre minutt før slutt.
Norborg hadde ein del tvilsame med skade til dagens kamp, men både Tarjei Urkedal og Alexander Eide stabla seg på beina. Med Hans Edvard Nordang og André Larsen tilbake frå sist gong så stilte Norborg med eit godt lag. Ein tok dermed tak i kampen frå start av og det tok ikkje lang tid før sjansane kom. Etter at ein dobbeltsjanse vart redda på strek og Adrian Håbet hadde avslutta over vart det endeleg nettsus. Kristoffer Søviknes kom seg rundt på høgrekanten og la godt inn til André Larsen som heada kontant ned i hjørnet.
Norborg spelte direkte fotball i denne perioden og fann løpsvillege spissar på topp. Etter ein halvtimes spel så var det eit snarrådig kast som skulle gi 2-0. André Larsen kastar raskt til Ole Johan Urke som finn Tarjei Urkedal framfor mål. Han styrer ballen utakbart i nota. Tarjei var verkeleg på hogget i denne kampen og auka til 3-0 like før pause. Målet kom på eit frisparkoppspel frå Kjell-Terje Brusdal som Kristoffer Søviknes headar vidare til Tarjei, som breisidar ballen i motsett hjørne. Norborg er også nær 4-0 før pause, men Kristoffer Søviknes si heading går i tverrliggjar.
Vi telte 6-1 i opplagte sjansar til Norborg. Dermed fortent leiing til pause.
Vi fekk til vår store overrasking sjå eit meir ballspelande Hareid-lag etter pause. Dei var dermed langt meir med i kampen, men det var Norborg som stod for sjansane. Tarjei Urkedal burde ha auka til 4-0 då han fekk stå fritt å heade frå kloss hald, men over. Så var Kristoffer Søviknes åleine igjennom, men keeper Vagn Scheide Mork vann duellen. Så er det Tarjei igjen som får sjansen på hovudet, men headinga går over. Etter corner får Norborg ein dobbeltsjanse, men verken Elling Mikal Kalvø eller Alexander Eide får ballen i mål.
Norborg burde ha gjort både 4 og 5-0, men i staden så er det Hareid som reduserar til 3-1 ved Fredrik Aursnes etter at Norborg ikkje får klarert. Hareid forsøkte å legge press på Norborg etter reduseringa, men greidde ikkje å spele seg fram til sjansar. Etter kvart går lufta ut av gjestane og Norborg har full kontroll. På slutten av kampen gjer innbyttar Peter Elias Grytten 4-1 åleine med keeper. Målet kom etter langt oppspel av Hans Edvard Nordang, Skjalg Volstad stussa i bakrom til Peter som sprang frå alle og sette ballen iskaldt i mål.
På overtid så kokar det over for Kim-Tore Husøy då han nok ein gong tapte ein duell for Kjell-Terje Brusdal. Husøy sparka då til ein liggande Brusdal og dommaren dreg fram det raude kortet. Her blir det nok meir enn ein kamp karantene.
Dryge fem minutt på overtid bles dommar Zenun Murati av kampen og Norborg jubla for tre fortente poeng.
Mange gode på Norborg denne gong. Vi kan vel seie at samtlege heva seg frå sist kamp. Kjell-Terje Brusdal var kongen i forsvaret, Tarjei Urkedal jobba som ein helt på høgresida og Kristoffer Søviknes alltid ein trussel med duellstyrke og fart.
Neste kamp er borte mot Spjelkavik fredag 13. mai kl. 1830.
Laget:
Henrik Åkre
Elling Mikal Kalvø
Kjell-Terje Brusdal
Hans Edvard Nordang
Skjalg Volstad (Martinus Grytten, 85)
André Larsen (Marius Gamlem, 90)
Preben Lorgen
Adrian Håbet (Ole Johan Urke, 27)
Tarjei Urkedal (Kristian Furnes, 90)
Alexander Eide (Peter Elias Grytten, 68)
Kristoffer Søviknes
Dommar: Zenun Murati (Giske)
Assistentar: Jon Olav Skodjereite (Skodje) og Mathias Mo (Spjelkavik)
Murati er godt kjent som assistentdommar for oss, men var i dag hovuddommar. Det greidde han godt saman med sine unge og gode assistentar.