Norborg – Vestnes Varfjell 3-5

Norborg – Vestnes Varfjell 3-5 (1-1)
Uggedal KGB, 07.04.11

Sjansar: 10-10 / cornere: 8-2

0-1 Svein Erik Male (9)
1-1 Johan Stavik (36)
1-2 Tommy Kansishi Andreassen (46)
1-3 Yngve Solevågseide (53)
2-3 Tarjei Urkedal (56)
2-4 Tommy Kansishi Andreassen (71)
3-4 André Larsen (77)
3-5 Marius Sivertsen (87)

Det vart ny målorgie mellom Norborg og Vestnes Varfjell, og nok ein gong vart det romsdalingane som stakk av med sigeren. Etter uavgjort ved pause gjekk Vestnes Varfjell raskt opp i to målsleiing etter kvila. Sjølv om Norborg pressa kraftig på og skapte mange sjansar den siste halvtimen greidde ein ikkje å ta igjen Varfjell si leiing.
1. omgang
Norborg hadde bytta heile 8 spelarar frå søndagens cupkamp mot Stranda. Gutane greidde seg likevel bra mot Vestnes Varfjell sjølv om ein fekk 0-1 i mot på straffe før ti minutt var spelt. Etter dette skapte Norborg dei største sjansane og lykkast til slutt då Alexander Eide skaut i ryggen på Johan Stavik og i mål. André Larsen hadde sjansen til å gi Norborg leiinga før pause etter veggspel med Skjalg Volstad, men lukkast ikkje åleine med keeper. Dermed 1-1 til pause. Noko som for så vidt var greitt etter 4-3 i sjansar og omtrent likt fordelt i ballinnehav.

2. omgang
Vestnes Varfjell fekk ein pangstart og tok leiinga før minuttet er spelt. Nokre minutt seinare blir det 1-3 på eit frispark frå eigen banehalvdel! Dette burde Norborg sitt forsvar fått klarert.

Norborg gjer no nokre bytter og får rask respons då Tarjei Urkedal snappar opp eit laust tilbakespelet, rundar keeper og ein forsvarar å sette ballen i tomt mål. Norborg har trykket, men Varfjell er farlege på kontringar og avslutta i tverrligger etter ein times spel. Tjue minutt før slutt har Norborg ein stor sjanse til å utlikne, men i staden er det Varfjell som kontrar inn 2-4 på ein trippelsjanse. Først i stolpen, så i keeper før Andreassen finn nettmaskene.

André Larsen lagar ny spenning då han sette ballen i mål frå kloss hald etter godt forarbeid av Cato Longva på høgresida. Han finn Tarjei Urkedal framfor mål som sleivar ballen vidare til Larsen. Både Stian Myklebust, Hans Edvard Nordang og Peter Elias Grytten er nær å utlikne i dei neste minutta, men i staden gjer Vestnes Varfjell 3-5 på eit langt utspel frå keeper!

Norborg spelar seg fram til mange sjansar den siste halvtimen, men er for lite konsentrerte framfor mål. Når ein så ikkje har marginane med bakover, så vart det tap denne gong.

Vestnes Varfjell såg ut til å vere redusert sidan sist gong vi møtte dei. Laget har likevel nokre særs gode spelarar og eit innøvd offensivt mønster. Vi set likevel igjen med følelsen av at dette var eit lag Norborg burde ha slått.

Laget:

Henrik Åkre

Kristian Furnes
Hans Edvard Nordang (Elling Mikal Kalvø, 19)
Jan Even Drønnesund
Marius Gamlem (H. E. Nordang, 55)

André Larsen
Preben Lorgen (Stian Myklebust, 67)
Skjalg Volstad (Peter Elias Grytten, 74)

Johan Stavik (Tarjei Urkedal, 55)
Alexander Eide (Cato Longva, 55)
Martin Løken Lie (Kristoffer Søviknes, 55)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)