Aksla – Norborg/Brattvåg2 3-2 (1-0)

Aksla – Norborg/Brattvåg2 3-2 (1-0)
4. divisjon, Ratvika KGB, 09.06.2023

1-0 Ronald Dragoti (7)
1-1 Noah Lausund Klokk (48)
1-2 Tor Abelseth (64)
2-2 Sjølvmål (81)
3-2 Mohammad Abouzari (84)

I varmen på Aksla Stadion starta Norborg best, men momentum snudde kjapt. Etter snaue åtte minutt tok Aksla leiinga etter å ha brutt ballen knappe 20 meter frå Norborg sitt mål. Ei scoring som prega resten av omgangen. Norborg sleit med å sette saman tre-fire pasningar i lengderetning, og fann sjeldan Eirik Vågnes i mellomrommet. Norborg hadde små tilløp på eit par dødballar og nokre langsskudd, men ingenting som skremte Aksla. Tett før sidebytte redda Stian Klokk ballen på streken.

Andre omgang byrja på best tenkeleg vis når Noah Lausund Klokk klinka til frå 25 meter, traff via ein Akslaspeler og i fin bue over Akslamålvakta. 1-1, som gav blod på tann. Kampen oppsummert var det aldri heilt nokon som satt eit jag og eit press mot motstanderens mål, medan langballar og kontringar blei det dødelege. Etter ein dødball, vinn Martin Koch ballen ut på si høgreside. Han slår eit innlegg mot bakre, der Tor Abelseth får kasta hovudet fram og sende Norborg i leiinga, 2-1!

Norborg hadde moglegheiter med ferievikarane Eirik Vågnes og Ådne Hellandsvik til å auke leiinga, men det var i motsatt ende dei oransje skulle sette den. Etter eit innlegg er ein Norborgforsvarar uheldig og sett ballen i eige mål. Like etter 2-2, bryt Aksla på midtbana til Norborg. Akslaspeler får sette turbofarta på, og frå 20 meter sett han den ned i det venstre hjørnet til Ronald Olsen. Norborg gjer desperate forsøk, og i det siste angrepet sende Ronald Olsen ballen inn etter ei corner. Der står tre mann på rekke og rad, men ingen av dei oransje får hovudet på ballen og det endar tap, 2-3.

Laget: Ronald Olsen – Jesper Vos, Tor Abelseth, Elias Seth (Per Kristian Søvik Grytten, 66), Stian Klokk (Adrian Korsedal, 83) – Noah Klokk (Ivan Håvik, 77), Ivan Håvik (Ådne Hellandsvik, 46) – Magnus Otterlei (Robert Dulgheru, 66), Eirik Vågnes (Magnus Otterlei, 75), Adrian Korsedal (Henrik Otterlei Hurlen, 75) – Henrik Otterlei Hurlen (Martin Koch, 30).

*** Ådne Hellandsvik

** Martin Koch

* Eirik Vågnes