Norborg – Blindheim 3-3

Norborg – Blindheim 3-3 (1-1)
Treningskamp, 03.02.2011

Sjansar: 8-8

1-0 Asgeir Kalvø (33)
1-1 Simen Fjørtoft (str. 42)
1-2 Marius Rotset (52)
1-3 Simen Fjørtoft (75)
2-3 Asgeir Kalvø (88)
3-3 Peter Elias Grytten (90+5)

Ein sterk sluttspurt redda Norborg frå tap mot Blindheim. Kampen var jamnspelt både før og etter pause, men medan 1. omgang var sjansefattig og keisam, vakna kampen til liv i 2. omgang og vi fekk ein underhaldande og målrik kamp slik som det brukar å vere mellom desse to laga. Asgeir Kalvø scora dei to første for Norborg, medan debutant Peter Elias Grytten vart helten med si scoring fem minutt på overtid.
– Positiv første omgang der oss ser igjen litt av det som vi har øvd på. I starten av 2. omgang søv vi, men kjekt med sin skikkeleg sluttspurt av dei som kjem innpå, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

1. omgang
Under gode speletilhøve i Uggedalen vart det i 1. omgang mykje balltrilling mot etablert forsvar for begge lag. Gjestane Blindheim kom seg til 2-3 halvsjansar det første kvarteret, men sette ikkje keeper Henrik Åkre på prøve. Etterkvart tok Norborg meir over, men heller ikkje heimelaget skapte det heilt store framfor kassa før Asgeir Kalvø stanga inn eit innlegg frå bror Elling Mikal etter dryge halvtimen. 1-0 på den første skikkelege sjansen i kampen.

Blindheim er nær utlikning minuttet etter, men avslutninga frå god posisjon gjekk utafor. Få minutt før pause kjem likevel utlikninga då dommar Steinsbu peikar på straffemerket. Straffa blir satt i mål av Simen Fjørtoft.

Jamt og få sjansar (2-2) før pause.

2. omgang
Sju minutt ut i omgangen får gjestane servert 1-2 av Norborg sitt forsvar. Marius Rotset fekk krangla med seg ballen mot passive norborgarar og fekk to forsøk mot keeper Åkre. Den første vart redda, den andre trilla han i tomt mål. Dette gjer at kampen opnar seg opp. Norborg må fram, medan Blindheim satsar på kontringar. Norborg sleit lenge med å skape sjansar mot eit disiplinert Blindheim-lag og hadde problem mot raske kontringar. Det er likevel på dødball Blindheim scorer 1-3 då Simen Fjørtoft headar i mål frå bakarste stolpe. Kampen verkar punktert, men så sette Norborg inn ein sterk sluttspurt.

Ole Johan Urke er nær redusering etter godt forarbeid av Peter Elias Grytten og Johan Stavik, men avslutninga til Ole Johan gjekk over mål. I det 85. minutt legg Martin Løken Lie perfekt inn til Asgeir Kalvø som headar inn 2-3. Norborg fortsette presset og på overtid er Elling Mikal Kalvø nær utlikning då Martin kom seg rundt på kant og la 45 ut til Elling som skyt over. Fem minutt på overtid kjem den fortente utlikninga. Kristian Furnes la inn, Blindheim greier ikkje å klarere og ballen havnar til slutt hos Peter Elias Grytten som sette ballen i mål til 3-3.

Kampen bar preg på at Norborg har ein del å jobbe med både offensivt og defensivt. Likevel, mykje positivt, ikkje minst dei siste 10-15 minutta då ein verkeleg let Blindheim få kjørt seg.

Norborg hadde to debutantar i denne kampen. Peter Elias Grytten (18) er allereie presentert, medan keeper Kenneth Hånde (16) kom inn i 2. omgang.

Norborg skal ut i ny kamp allereie laurdag. Då gjestar Åndalsnes Uggedalen.

Laget:

Henrik Åkre (Kenneth Hånde, 73)

Elling Mikal Kalvø
Kristoffer Søviknes (Asgeir Kalvø, 80)
Knut Ivar Bjørlykhaug (Jan Even Drønnesund, 66)
Hans Evdard Nordang (Marius Gamlem, 73)

Ole Johan Urke (Peter Elias Grytten, 73)
André Larsen
Asgeir Kalvø (Kristian Furnes, 66)
Preben Lorgen (Martin Løken Lie, 58)

Tarjei Urkedal (Ole Johan Urke, 82)
Cato Longva (Johan Stavik, 66)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Arild Vegsund og Arve Toven

Snittalder startoppstilling: 22 år (21,5)