Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda 1-3 (0-2)

Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda 1-3 (0-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 13.10.2023

0-1 Bjørn otto Holsvik (37)
0-2 Kristoffer Volden (42)
1-2 Lars Alvestad Mikalsen (54)
1-3 Bjørn Otto Holsvik (76)

Sjanser: 4-10

Hovdebygda var det førande laget, men bortsett frå eit stolpeskot tidleg i kampen sleit gjestane å skape dei store sjansane den første halvtimen. Mot slutten av omgangen vart det større rom og Bjørn Otto Holsvik gav Hovdebygda leiinga då han var først på ein retur i frå keeper. 0-2 kom nokre minutt seinare etter eit fint angrep som vart avslutta av Kristoffer Volden frå kloss hald.

Etter kvila fekk vi sjå ein meir open kamp der Norborg løfta seg. Ti minutt ut i omgangen gav Lars Alvestad Mikalsen ny spenning i kampen då han sette inn eit frispark frå 18 meter. Spenninga varte til eit kvarter før slutt då Bjørn Otto Holsvik på ny er først på ein retur frå keeper og sette ballen sikkert i nota til 1-3. Kjell Terje Brusdal kom seg til ein stor sjanse fem minutt seinare, men keeper redda meisterleg. Kampen ebba dermed ut med 1-3 og eit nytt heimetap for Norborg. Ein har dermed godt gjennom sesongen utan heimesiger. Den første sidan starten i 1968 då det vart med ein bortesiger. Norborg avslutter denne sesongen med bortekamp mot Volda2 på fredag.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias jensen, Elias Austbø Seth, Tor Abelseth, William Grytten – Robert Dulgheru, Tarjei Urkedal, Stian Fjørtoft Klokk, Kjell Terje Brusdal, Kevin Kajendran (Eskil Eiken, 46) – Lars Alvestad Mikalsen (André Larsen, 79).