Norborg – Spjelkavik 3-3

Norborg – Spjelkavik 3-3 (3-2)
Uggedal KGB, 12.10.12

Sjansar: 9-8
Hjørnespark: 2-5

1-0 Kristoffer Søviknes (23)
2-0 André Larsen (26)
3-0 Adrian Håbet (28)
3-1 Knut Idar Dalhus (30)
3-2 Krister Omenås (32)
3-3 Jonas Myrset (54)

Norborg og Spjelkavik spelte 3-3 for andre gong i år, og nok ein gong gav Norborg frå seg ei klar leiing. Norborg var det beste laget før pause og skapte mange store sjansar mot det omstendelege laget frå Spjelkavik. Då Adrian Håbet sette inn 3-0 trudde nok dei fleste at kampen var punktert, men gjestane kom sterkt tilbake og putta to på kort tid. I 2. omgang var Spjelkavik det beste laget og var nærmast sigeren etter ei tidleg utlikning.

Ein del endringar på Norborg sidan kampen mot ÅVK. Kenneth Hånde var tilbake i mål, medan Ole Marius Otterlei og Edward Laverton var heime på ferie. Elling Mikal Kalvø var tilbake frå skade, men var ikkje 100% og valgte å starte på benken. Sidan Kjell Terje Brusdal var ute med 3 gule kort, så valgte Norborg å stille med sine to angriparar Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes som midtstopparar.

Den første halvtimen var god av Norborg. Spjelkavik hadde ballen, men det var Norborg som skapte sjansane. Edward Laverton fekk dei to første sjansane, men makta ikkje å få ballen i mål. Heller ikkje Adrian Håbet greidde å overliste keeper då han vart spelt fri av Ole Johan Urke. Etter tre brente sjansar dei første tjue minutta skulle ein endeleg få hol på byllen då Kristoffer Søviknes putta eit godt slått frispark av Christian Sæther. Dette gav ein ketchup-effekt. André Larsen fekk æra av å sette inn 2-0 etter flott spelt, medan Adrian Håbet utnytta eit dårleg utspel av keeper og sette ballen utsøkt i mål frå 40 meter. 3-0, og Norborg hadde rysta topplaget, men Spjelkavik skulle kome kraftig tilbake. På under tre minutt var 3-0 forvandla til 3-2. Først utnyttar Knut Idar Dalhus ei svak klarering og sette ballen i mål frå 16 meter. Så sette Krister Omenås inn eit frispark frå 25 meter. Laga gjekk dermed til pause med 3-2 leiing til Norborg. Denne burde ha vore langt større.

Norborg opna 2. omgang godt og før minuttet var spelt kom Ole Johan Urke seg igjennom gjesteforsvaret, men nok ein gong vart det bom åleine med keeper. Nokre minutt seinare er det Kristian Søviknes som får ein stor sjanse etter corner, men headinga går over mål. Minuttet etter er Edward Laverton åleine med keeper, men nok ein gong var det keeperen som vann duellen.

I staden for 4-2 er det Spjelkavik som utliknar til 3-3 då Norborg sine bakre rekker feilvurderer eit innlegg og Jonas Myrset sette ballen i mål frå 10 meter. Etter utlikninga har Spjelkavik ballen mykje og kom nærmare og nærmare mål etter kvart som Norborg sine spelarar vart trøytte. Trass eit par gode sjansar haldt keeper Kenneth Hånde og Norborg-forsvaret stand og Norborg har haldt Spjelkavik til 3-3 to gongar i år.

Litt bittert å gi frå seg 3-0 og ikkje minst brenne så mange store sjansar, men basert på den siste halvtimen var nok Norborg godt nøgd då dommaren blåste av kampen.

Kristoffer Søviknes har gått på penicillin den siste veka, men stod fram som Norborg sin beste spelar med fart og duellstyrke. Saman med Tarjei Urkedal vart det eit godt stopparpar. På topp jobba Edward Laverton godt, men får trekk for sløsing med sjansane.

Dette var sesongen siste kamp. Ein sesong Norborg må seie seg godt nøgd med. 5. plass og 30 poeng er bra for ein så liten klubb som Norborg. Sesongen har vist at når alle spelarane er på plass så blir det som regel tre poeng.

Kenneth Hånde – Ole Marius Otterlei (Elling Mikal Kalvø, 73), Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes, André Larsen, Christian Sæther (Stian Myklebust, 68), Ole Johan Urke (Martinus Grytten, 76) – Adrian Håbet, Edward Laverton.