Rollon – Norborg 2-1 (2-0)
Rollon KGB, 30.08.12
Sjansar: 8-6
Cornere: 3-3
1-0 Johan Strand (1)
2-0 Johan Strand (21)
2-1 Adrian Håbet (50)
Rollon gjekk rett i strupa på Norborg og leia 2-0 ved halvvegs 1. omgang. Norborg heva seg etter kvart, men berre ein god Joakim Kjærstad hindra større leiing til Rollon ved pause. Norborg gjekk hardt ut etter pause og la press på heimelaget. Adrian Håbet reduserte fem minutt ut i omgangen, samtidig som Johan Strand vart utvist. Med ein mann meir styrte Norborg kampen, men heimelaget jobba godt og haldt på leiinga.
Norborg vart tvungen til å gjere ein del endringar på laget berre timar før kampstart. Kristoffer Søviknes var sjuk og meldte at han måtte starte på benken, medan Steffen Grytten gav beskjed om at han ikkje rakk kampstart. Samstundes kom det forfall frå Hans Edvard Nordang, Stian Myklebust og Eivind Davik Fjørtoft. Heldigvis tok ein småsjuk Kristian Furnes med seg skoa så ein hadde to innbyttarar når kampen vart blåst i gong.
Det var likevel ikkje berre dei to på benken som såg sjuke ut. Norborg starta grusomt svakt og før minuttet var gått mister ein ballen totalt unødvendig ti meter inne på Rollon sin halvdel. Heimelaget kontra godt på si venstreside mot eit Norborg-lag i ubalanse. Spelet vart kjapt vridd mot høgre der Johan Strand kom på løp og sette ballen sikkert i mål bak keeper Joakim Kjærstad. 1-0 etter 1 minutt og 2 sekund. Ein tøff start for Norborg sine gutar.
Rollon var ekstremt aggressive og gav Norborg aldri noko rom. Ei rekke halvsjansar vart skapt før Norborg endeleg begynte å yppe seg for ei lita stund. André Larsen får til eit bra skot på halv volley som keeper gav retur på, men Alexander Eide greidde ikkje å få returen i mål. Eit par minutt etter får Tarjei Urkedal vendt opp på 16 meteren, men keeper redda skotet
Dei siste 25 minutta er det stort sett spel mot eitt mål. Tjue minutt ut i omgangen forsøkte Torkil Rørvik seg på ein lobb som Joakim får slått til corner. Den vart slått hardt inn mot første stolpe der Johan Strand vann duellen mot ein norborgar og sette inn 2-0. Torkil Rørvik var nær mål på eit godt utført brassespark. Johan Strand var nok ein gong åleine med keeper, men denne gong vann Joakim duellen, medan Espen Sønsteby avslutta over frå kloss hald. Norborg var heldige som ikkje låg under med meir enn 2-0 til pause.
Etter ein omgang med stor Rollon dominans var det Norborg som gjekk aggressivt til verks i 2. omgang. Tre minutt ut i omgangen headar Elling Mikal Kalvø eit frispark frå Christian Sæther like over mål. To minutt seinare kom likevel reduseringa. Ballen vart slått opp mot Alexander Eide, som er i duell med Kim Haagensen. Ballen endar ute hos Ole Johan Urke på venstresida. Han runder ein mann og får slått ballen inn framfor mål der Adrian Håbet enkelt sette den i mål frå ti meter. Rollon og Johan Strand meinte det skulle vere frispark til Haagensen i duellen med Eide og protesterte så kraftig at Strand fekk sitt andre gule kort og vart vist bort frå bana.
Norborg såg no sin sjanse til å snu kampen. Det første kvarteret etter utvisninga greidde ein å legge press på heimelaget og skape nokre brukbare sjansar. Edward Laverton fekk skyte frå 16 meter, men over. Alexander Eide kom igjennom på høgresida, men valgte ei tidleg avslutning og keeper redda. Den største sjansen var det Kristoffer Søviknes som hadde. Han vart spelt fri, men velge å avslutte med venstrefoten i staden for god foten og keeper Robert Ekroll fekk ein enkel jobb med å redde.
Norborg hadde ballen mykje, men opptrådte planlaust og Rollon hadde god kontroll dei siste 25 minutta. På overtid fekk ein likevel sjansen til å utlikne på eit frispark like utanfor 16 meteren, men Ole Johan Urke sette ballen over mål. Dermed fortent 2-1 siger til eit hardtarbeidande heimelag.
Best på Norborg var nok ein gong keeper Joakim Kjærstad. Edward Laverton er ein av få utespelarar som får godkjent.
Neste kamp er heime mot Skodje torsdag kl. 1830.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Ole Johan Urke – Tarjei Urkedal, André Larsen (Kristoffer Søviknes, 40), Christian Sæther, Adrian Håbet – Alexander Eide (Steffen Grytten, 69), Edward Laverton.