Spjelkavik – Norborg 3-3

Spjelkavik – Norborg 3-3 (1-2)
Spjelkavik stadion, 21.06.12

Sjansar: 8-5
Cornere: 7-7

0-1 Elling Mikal Kalvø (17)
0-2 Kristoffer Søviknes (24)
1-2 Sondre Skulstad (38)
2-2 Emil Viddal (56)
3-2 Trond Håkon Edøy (89)
3-3 Elling Mikal Kalvø (90)

Norborg gjekk respektlaust til verks mot opprykksfavoritt Spjelkavik og viste fram fleire gode angrep dei første 25 minutta. To av dei enda i mål. Etter kvart gjekk ein tom for krefter og heimelaget kom tilbake og snudde kampen til 3-2 minuttet før ordinær tid var ute. Men, i det 90. minutt slår André Larsen ei god corner som går via nokre hovud og til slutt i mål. – Vi var klart best i 1. omgang og det var synd vi ikkje leia meir til pause. I 2. omgang sleit vi med tunge bein og Spjelkavik haldt eit høgt tempo. Alt i alt greit med uavgjort, sa trenar Roger Grytten.

Toppkamp i Spjelkavik torsdag kveld, men sjølv om dette var nr. 2 og 3 på tabellen hadde begge gått på tap sist gong. Dei første 25 minutta var det heilt klart Norborg som var mest revansjesugne. Laget var ikkje til å kjenne igjen frå den slette innsatsen mot ÅVK. Ein opptrådte aggressivt i alle ledd og var i tillegg i stand til å gjere noko med lærkula når ein vann den. Spjelkavik var heile tida med på notane og vi fekk dermed ein underhaldande første halvdel av omgangen.

Spelet bølgja fram og tilbake, men det var Norborg som skapte det farlegaste framfor mål. 17 minutt ut i omgangen legg Norborg trykk på heimelaget etter corner. Ole Johan Urke slår ballen inn i feltet der ballen til slutt havnar hos Elling Mikal Kalvø som header den kontrollert i mål. Nokre minutt seinare får vi sjå eit flott angrep av Norborg der ballen går fra høgre mot venstre. André Larsen slo den ut på kant til Adrian Håbet, som fann Kristoffer Søviknes framfor mål. Han spaserer enkelt ballen i mål.

Etter denne gode opninga av Norborg starta kreftene å ebbe ut. Spjelkavik fekk meir rom til å spele sitt spel og trua meir og meir Norborg sin 16 meter. Sju minutt før pause får Spjelkavik frispark omtrent midt på Norborg sin halvdel. Emil Viddal slo ballen inn framfor mål der Sondre Skulstad stusser ballen i mål. I omgangens sluttminutt var Norborg nær 1-3 då Adrian Håbet runda keeper, men kom litt for skrått og avslutta like utanfor.

Ein god omgang av Norborg der ein spesielt før 0-2 skapte mange fine overgangar.

Spjelkavik gjekk hardt ut etter pause og la eit vedvarande trykk på Norborg. Emil Viddal fekk ei meir offensiv rolle på midtbana og skapte store problem for gjestane med sine løp inn i 16 meteren. Dryge ti minutt ut i omgangen kom så også utlikninga då Viddal storma inn framfor mål og tuppa innspelet i krysset. Spjelkavik roa seg noko etter dette, men Norborg-keeper Kenneth Hånde måtte stadig gjere gode redningar då både Andreas Olsen og Adrian Hagerup var igjennom.

På slutten så greidde Norborg å få til noko offensivt. Først puttar Tarjei Urkedal ballen i mål, men blir avblåst for offside. Så blir Kristoffer Søviknes spelt fri, men var uheldig med touchen då han skulle runde keeper. Minuttet før slutt glepp det likevel defensivt og Trond Håkon Edøy gjer 3-2 frå kloss hald. Løpet såg ut til å vere kjørt, men Norborg gir ikkje opp og minuttet seinare blir ein corner frå André Larsen sett i mål. Elling Mikal Kalvø er usikker på om han var sist på ballen eller om det var sjølvmål. Likevel, eit flott bortepoeng for Norborg mot eit godt heimelag. Dette var andre gong på dei 18 siste heimekampane Spjelkavik ikkje vann.

Mange med flott innsats på Norborg denne gong. Christian P. Sæther og André Larsen jobba knallhardt heile kampen på midtbana, medan Kenneth Hånde gjorde fleire gode redningar.

Neste kamp for Norborg er borte mot Godøy neste torsdag.

Laget: Kenneth Hånde – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Ole Johan Urke – Adrian Håbet (Skjalg Volstad, 83), André Larsen, Christian P. Sæther, Tarjei Urkedal – Alexander Eide, Kristoffer Søviknes.


Scorarane Elling Mikal og Kristoffer.