Norborg/Brattvåg2 – Herd 1-11 (1-6)

Norborg/Brattvåg2 – Herd 1-11 (1-6)
4. divisjon, Uggedal KGB, 22.09.2023

Sjansar: 3-15

0-1 Mathias Sæther (7)
0-2 Martin Fylling Koch (8)
0-3 Mathias Sæther (16)
0-4 Mathias Sæther (20)
0-5 Erlend Fjeldstad (28)
0-6 Erlend Fjeldstad (41)
1-6 Oliver Gamlem (45)
1-7 Mathias Sæther (46)
1-8 Erlend Fjeldstad (57)
1-9 Kristian Flovik (59)
1-10 Mathias Sæther (60)
1-11 Mathias Sæther (82)

Det vart stygge siffer for Norborg når tetlaget Herd kom på besøk. Opningsminutta var jamne, men så starta Herd å score på kvar sjanse dei fekk. Melodien var klar. Dobling på venstresida og innlegg der Mathias Sæther fann seg rom og heada ballen i nota. Tre av dei fire første måla kom slik. Kampens andre mål vart satt inn av tidlegare lagkamerat av dei oransje, Martin Fylling Koch. Også det etter innlegg frå venstre der Koch dukka opp på bakerste og sette ballen i nota. 0-5 kom på langskot klin i krysset av Erlend Fjeldstad. Herd hadde på dette tidspunktet fem mål på fem avslutningar. Norborg sine avslutningar var ikkje av same kaliber, men ein sette i alle fall Herd keeper Isak Endal Moen på prøve eit par gongar. Moen som stod vårkampen for Norborg/Brattvåg2 mot nettopp Herd. I det 33. minutt kom Herd si første avslutning som ikkje gjekk i mål, men 0-6 skulle likevel kom før pause då Erlend Fjeldstad er heldig med sitt skot som glipper mellom både hanskar og bein på N/B2 sin keeper Tomic. Like før pause fekk Norborg si redusering då Oliver Gamlem prikkskaut ballen i nota frå 16 meter.

2. omgang starta på verst tenkelege måte for Norborg då Sæther prikker ballen i mål frå 16 meter til 1-7. Ti minutt seinare sette Fjeldstad inn 1-8, to minutt seinare står det 1-9 då Kristian Flovik avslutta stolpe inn, medan minuttet seinare er stillinga 1-10 då Sæther sette eit frispark i mål frå 23 meter. Med ein halvtime igjen starta karane på Norborg-benken å bli alvorleg redd for at Norborg sitt største tap gjennom tidene, 0-12 for Ellingsøy i 1997, skulle bli overgått. Heldigvis greidde ein å demme opp betre den komande halvtimen og det vart med Sæther sitt 6. mål for dagen og Herd sitt 11 då han sette inn ein retur.

Vi har aldri før sett eit meir effektivt fotballag enn det Herd var i dag. Ja, sjølvsagt var dei eit betre fotballag enn Norborg, men basert på sjansar så var dette meir ein 1-6 kamp enn 1-11.

Norborg sin neste kamp er også heime. Denne gong mot Aksla fredag 29. september kl. 1830.

Laget: Victor Tomic (Ronald Søvik Olsen, 62) – Stian Klokk (Mikalsen, 62), Elias Austbø Seth (Klokk, 65), Kjell Terje Brusdal, Ivan Berntsen – Robert Dulgheru, Eirik Koppen Vågnes, Tarjei Urkedal (Lars Alvestad Mikalsen, 12) (Kevin Kajendran, 46), Oliver Gamlem (André Larsen, 83), Fredrik Hurlen, Ole Martin Fevåg (Anders Toven, 54).