Norborg – Godøy 3-0 (0-0)
Uggedal KGB, 12.04.12
Sjansar: 5-7
Cornere: 3-4
1-0 Kristoffer Søviknes (53)
2-0 André Larsen (77)
3-0 Ole Johan Urke (str. 81)
Norborg viste god effektivitet då ein vann serieopninga med 3-0 over Godøy. Norborg hadde ballen mest, men det var Godøy som skapte dei fleste sjansane. Dei fleste på dødball der Godøy som venta er sterke. Norborg viste ein slett 1. omgang der konsentrasjonen, balltempo og rørsle var under ein kvar kritikk. Dette betra seg noko etter pause då ein fekk større rom då Godøy måtte fram på bana etter det tidlege målet til Kristoffer Søviknes. Til slutt vart det 3-0 siger på ein dårleg dag.
Stor spenning fram mot serieopninga i kveld då Godøy gjesta Uggedal KGB. Ein kamp Norborg var favorittar i og berre tre poeng var godt nok.
Kampane mellom Norborg og Godøy brukar å vere målrike og underhaldande, men dette oppgjeret var alt anna enn det. Begge lag starta famlande. Norborg trilla mykje ball på eigen halvdel, men svakt tempo og dårleg rørsle gjorde det enkelt for Godøy å demme opp. Ti minutt ut i kampen vakna kampen til liv for nokre minutt. Først sette Kristoffer Søviknes hovudet på eit godt innlegg av Ole Johan Urke, så er det Godøy sin Sven Harald Nyvoll som får alle sjansars mor då han berre har å sette ballen i nota frå 5 meter, men ein norborgar får kasta seg fram å blokkert avslutninga.
Resten av omgangen er keisam mellom to lag som lykkast i lite. Godøy er nærmast leiing til pause etter eit par farlege dødballar. Ørjan Dyb var nærmast på eit frispark frå 25 meter, men Geir Roar Gamlem var raskt nede ved stolperota å redda. Laga gjekk dermed til pause med 0-0.
2. omgang vart meir underhaldande enn første. Norborg jakta eit tidleg mål for å få kampen inn i sitt spor og 8 minutt ut i omgangen scora Kristoffer Søviknes på vakkert vis. Han heada eit oppspel frå Bee til seg sjølv og sette ballen i fin boge over keeper og i mål. 1-0 og heimelaget kunne senke skuldrane. Gjestane sin Marcus Volle er nær ved å utlikne då ein Norborg-spelar stussar ballen feil veg og Volle snappar ballen og kjem åleine med keeper Gamlem, men den tidlege avslutninga går utanfor.
Når vi går inn i det siste kvarteret punkterer Norborg kampen med to raske mål. Først headar André Larsen inn 2-0 etter eit innlegg av Tarjei Gjerset Urkedal, før sistnemnte blir haldt innafor 16 meteren og Ole Johan Urke sette inn 3-0 på straffe. Norborg ser då fram til å kose seg i sluttminutta, men i staden pådreg Kjell Terje Brusdal seg rødt kort då han sette knottane i låret på Henning Dyb. Uhellet skjedde då Brusdal hadde blikket oppover mot ballen og la ikkje merke til Dyb som kom i mot han. Då Brusdal løfta beinet for å dempe ballen gjekk knottane i Dyb. Ikkje tilsikta, men dommar er sikker i sin sak å viser Brusdal av bana. Godøy pressar på i sluttminutta å kjem seg til tre gode sjansar utan å score. Nærmast nettkjenning var Sven Harald Nyvoll, men ballen gjekk i tverrliggar.
Bestemannsprisen i dag gir vi til Elling Mikal Kalvø. Han retta opp lagkameratane sine mange feil med å vinne mange duellar. Elles var dette ein kamp der dei fleste i oransje leverte prestasjonar under det som forventast. Nivåheving må til når ein møter MSIL om ei veke. Skuldrane ned, innsatsen opp!
Godøy er spådd på nedrykksplass av mange og må starte å sette sjansane sine om det ikkje skal skje. Null mål på sju sjansar er svakt. Godøy gjorde det vanskeleg for Norborg med god disiplin i forsvar og fysisk styrke på dødballar.
Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø (Torgeir Garshol, 85) – Ole Johan Urke, André Larsen, Christian Sæther (Stian Myklebust, 86), Alexander Eide (Johan Stavik, 86) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Hans Edvard Nordang, 84).
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Mathias Mo (Spjelkavik) og Øyvind Kringstad (Valder)
Lite å utsette på dagens dommartrio.
Kamphendelser:
9 min Urke legg – Kriss heada utanfor
10 min Nyvoll med gedigen sjanse etter frisparkinnlegg som går over keeper og til Nyvoll som trass god tid ikkje greier å sett ballen i nota.
15 min Kriss rundt på kant, slår inn til Larsen som flikker fra 5 meter inn til keeper.
35 min Farlig corner av Godøy. Stuss utanfor.
45 min Ørjan Dyb med farlig frispark få 25m. Geir Roar godt nede ved stolperota å redda.
0-0 ved pause i ein keisam og rotete omgang.
53 min 1-0 Kriss headar til seg sjølv og sette ballen i fin boge over keeper og i nota. Vakkert! Bee med målgivande.
65 min Marcus Volle med stor sjanse etter stuss i bakover av Norborg-speler. Skyt utanfor åleine med keeper.
70 min Halvsjanse Norborg. Alecs med avslutning etter legg frå venstre.
74 min Ny halvsjanse Norborg. Tarjei kontrer. Finter av ein mann å skyt utanfor frå 18 meter.
77 min 2-0 Larsen header inn legg frå Tarjei etter innkast på venstresida.
81 min Tarjei blir haldt i feltet. Straffe!
81 min 3-0 Urke sette straffa i mål.
83 min Kjell Terje blir utvist etter å ha satt knottane i låret på Henning Dyb. Kjell ikkje oppmerksom på at Dyb kom og skulle til å dempe ein høg ball.
84 min Dagfinn Godø brasser over frå god posisjon
86 min Godøy har blod på tann etter utvisninga. Skot over frå 14 meter.
93 min Nyvoll skyt i tverrliggar.
94 min Dommar bles av kampen og Norborg har vunne 3-0.