Vestnes Varfjell – Norborg 3-3

Vestnes Varfjell – Norborg 3-3 (1-1)
Vestnes Idrettspark, 16.02.12

Sjansar: 11-7 / cornere: 7-4

0-1 Ole Johan Urke (14)
1-1 Tore Akselsen (33)
2-1 Kristian Søviknes (sm, 63)
2-2 Ole Johan Urke (65)
3-2 Amund Stavem (72)
3-3 Adrian Holmeset (90)

Førstereisgut Adrian Holmeset redda Norborg for nok eit tap for Vestnes Varfjell då han sette inn 3-3 på overtid etter framspel av Torgeir Zinedine Garshol. Norborg skapte dei fleste sjansane før pause, medan heimelaget tok kraftig over i 2. omgang og burde ha punktert kampen sekunder før Norborg utlikna. Eit greit resultat for eit Norborg-lag som har mykje å gå på.

Norborg har aldri slått Vestnes Varfjell og gjorde det heller ikkje denne gong, men ein fekk i alle fall med seg eit uavgjortresultat for første gong på 10 år. Det var det få som trudde då uret viste 90 minutt. Heimelaget leia 3-2 og var det førande laget, men eit minutt på overtid søv heimeforsvaret og Adrian Holmeset stod heilt åleine då han fekk eit framspel av Torgeir Garshol. Adrian tok seg god tid og prikka inn 3-3 frå 16 meteren. Hans første mål på sin andre kamp etter debuten heime mot Stranda for to veker sidan.

Det opna også bra for Norborg. Begge lag gjorde mange feil val og feilpasningane florerte, men Norborg sine aggressive spelarar skapte mest før pause. Knappe kvarteret ut i omgangen vann Bee ballen på midtbana, fossa ned på venstresida før han spelte inn til Ole Johan Urke, som la ballen til rette og avslutta via ein heimeforsvarar og i mål. På dette tidspunktet var det heilt fortent med leiing til dei oransje.

Gleda for Norborg varte i om lag tjue minutt. Då Tore Akselsen får god tid på midtbana og skyt i mål frå 25 meter til 1-1. Norborg er nærmast leiarmålet til pause og Ole Johan Urke får ein kjempesjanse etter flott veggspel med Tarjei Urkedal, men avslutninga gjekk i stolpen.

Spelemessig jamn omgang, der Norborg skapte dei fleste sjansane. Begge lag hadde mykje å gå på i pasningskvalitet.

Norborg vart tvungen til å gjere keeperbytte til 2. omgang. Joakim Kjærstad skada skuldra då Varfjell utlikna til 1-1, og utan reservekeeper fekk ein låne Varfjell sin 17-åring Lars Håvard Lien. Noko som skulle vise seg å vere eit positivt bekjentskap, men som gjorde Norborg-spelar Kristian Søviknes så forvirra at han sette ballen i eige mål 18 minutt ut i omgangen etter at Kanishi kom seg rundt på venstresida og banka ballen inn framfor mål. Søviknes, som kom rett frå Vietnam, mislykkast med si klarering frå kort hald og ballen gjekk i mål.

Heimelaget var best i det meste i denne omgangen, men greidde ikkje å halde på 2-1 leiinga meir enn to minutt. Då fekk Norborg frispark 25 meter frå mål. Frisparkekspert Ole Johan Urke har nok truffe betre før, men utlikna til 2-2 etter at ballen glapp mellom beina på keeper og rulla i mål. Varfjell fortsette å styre kampen og Amund Stavem sette inn 3-2 på eit velplassert skot. Norborg kom seg noko til hektene mot slutten og på overtid fekk ein altså med seg 3-3.

Ingen av laga spelte opp mot sitt beste, men ei god økt vart det for begge lag. Varfjell fekk opp tempoet og lykkast meir med spelet sitt etter pause. Norborg sleit då med å kome oppi duellane og kika vel mykje i bakken før ein fekk igjen noko av innsatsen mot slutten.

Ingen av norborgarane spelte opp mot sitt beste, men Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes jobba godt gjennom heile kampen. Ole Johan Urke scora to mål før han måtte ut med skade. Bee god før pause. Elles gratulerer vi Nikolai Ulvestad med sin A-lagsdebut.

Neste kamp er heime mot MSIL 1. mars. Då vonar vi at eit par av dei spelarane som var ute i kveld er tilbake.

Laget: Joakim Kjærstad (Lars Håvard Lien, 46) – Torgeir Garshol (Johan Stavik, 46), Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang, Elling Mikal Kalvø – Ole Johan Urke (Nikolai Ulvestad, 72), Bee (T. Garshol, 83), Kristian Søviknes, Alexander Eide (Adrian Holmeset, 65) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal.