Norborg – Stranda 4-2

Norborg – Stranda 4-2 (1-1)
Uggedal KGB, 02.02.12

Sjansar: 9-9
Cornere: 5-6

0-1 Fredrik Sve (14)
1-1 Tarjei Urkedal (15)
2-1 André Larsen (70)
3-1 Johan Stavik (72)
3-2 Martin Espelund (80)
4-2 Ole Johan Urke (str. 84)

Norborg gjekk sigrande ut av treningskampen mot Stranda i vinterveret på Uggedal KGB torsdag kveld. Stranda var det førande laget før pause, og Norborg kan takke ein dyktig Geir Roar Gamlem i mål for at det stod 1-1 til pausen. Stranda opna også 2. omgang best, men etter kvart tok Norborg over styringa og viste ein langt betre effektivitet framfor mål enn sine gjestar.

Etter lang tid med flott ver og grøn bane i Uggedalen så starta det typisk nok å snøve på kampdag. Heldigvis var Tor Grande rask med å hive seg i traktoren å få brøyta bana. Trass nedbør eit godt stykke inn i 1. omgang, så var speletilhøva greie og begge lag fekk ei nyttig økt.

Begge lag mangla ein del spelarar, men vi skal ikkje dvele med det. Norborg kom seg til den første sjansen og Bee burde gitt oransjetrøyene leiinga etter eit godt slått frisparkinnlegg av Ole Johan Urke og retur frå keeper. Ballen havna til slutt hos Bee som sette den like utanfor mål.

Stranda sitt unge mannskap viste aggressivitet og speleglede før pause, medan Norborg vart noko defensive. Eit kvarter ut i kampen fekk vi sjå to raske mål. Først utnyttar Fredrik Sve liten duellvilje og kommunikasjonssvikt hos Norborg, smett seg forbi alle og plasserar ballen i tomt mål. Stranda får ikkje glede seg mange sekunda då Norborg får frispark ute på høgresida. Kristian Søviknes legg ballen inn i feltet der Tarjei Urkedal sette inn 1-1.

Stranda nærmast leiing til pause, men møtte ein opplagt Geir Roar Gamlem i mål. Dermed 1-1.

Stranda best også i opningskvarteret av 2. omgang, men Asgeir Kalvø sende av garde eit varsel om kva som ville kome då han smelte ein ball i tverrliggjaren frå 30 meter. Siste halvtimen får Norborg justert seg og kjem seg høgare opp i bana. Tjue minutt før slutt sette André Larsen inn 2-1 etter at Stranda ikkje får klarert eit frisparkinnlegg av Ole Johan Urke. Eit par minutt seinare får Johan Stavik flott treff frå 16 meteren og aukar til 3-1. Martin Espelund reduserar ti minutt før slutt, men Norborg er best i sluttminutta og Ole Johan Urke sette inn 4-2 på straffe etter at Elling Mikal Kalvø vart felt.

Mykje positivt frå Norborg si side den siste halvtimen. Før pause mangla ein rytme i angrepet og vart litt for defensiv. Dette betra seg utover kampen, og vi fekk sjå gode overgangar og farlege dødballar. Spelarane som utmerka seg på Norborg var keeper Geir Roar Gamlem som varta opp med fleire flotte redningar, og Bee, som kosa seg i ankerrolla på midtbana. Løps- og tacklingsvilje, samt gode avleveringar.

Vi gratulerer Adrian Holmeset med sin første A-kamp.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Torgeir Garshol (Alexander Eide, 60) – Ole Johan Urke, André Larsen (Stian Myklebust, 70), Bee (Hans Edvard Nordang, 73), Asgeir Kalvø – Tarjei Urkedal, Adrian Holmeset (Johan Stavik, 30).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Helge Uggedal og ArveToven.