Ørsta – Norborg/Brattvåg2 8-0 (5-0)

Ørsta – Norborg/Brattvåg2 8-0 (5-0)
4. divisjon, Aurstad Arena KGB, 31.08.2023

1-0 Knut Erik Myklebust (4)
2-0 Knut Erik Myklebust (15)
3-0 Knut Erik Myklebust (26)
4-0 Steffen Øye Myklebust (28)
5-0 Steffen Øye Myklebust (45)
6-0 Sjølvmål (56)
7-0 Martin Hjelle Bondhus (74)
8-0 Knut Erik Myklebust (83)

Norborg/Brattvåg2 reiste til Ørsta med årets minste tropp for å møte opprykksjagande Ørsta til dyst. Det skulle bli ein fotballeksjon av dei kvite.

Norborg/Brattvåg2 la seg i ein boks, og tillèt ein del innlegg frå sida. Rutine i boks til tross, Knut Erik Myklebust hadde ein ikkje kalkulert nok for. Ved tre anledningar blei ball første 25 spelt ut på kant, og inn i boks bevegde Myklebust seg smart og fekk komme først på ballen. Eitt hat-trick kvar ein får vist korleis ein god beveging i boks kan smadre overtal i boks.

Myklebust fortsette å slite ut forsvaret til Norborg/Brattvåg2, og de ga rom til Steffen Øye Myklebust. Han fekk ved to anledningar spasere ballen i mål før pause, og ein god Ronald Søvik Olsen stod i vegen for at det skulle stått meir.

Til andre omgang fekk ein ny god øving i stå imot presset frå Ørsta, som ikkje bremsa på tempo til tross for stor leiing. Dei pumpa på og forsøkte å auke leiinga i håp om å ta igjen Herd. Dei fekk ikkje hull på byllen før Tor Abelseth var uheldig og takla ballen i eige mål. Norborg/Brattvåg2 stod sterkare i ramma, og fekk nokre moglegheiter til å kontre. Dessverre satt ikkje sistepasninga eller så satt ikkje valet. Eit kvarter før slutt fekk Ørsta på ny auka leiinga, og små ti minutt før slutt fekk Ørsta straffe. Knut Erik Myklebust var igjen frampå og forsøkte å stupe foran Anders Toven for å sette sitt fjerde. I spranget blei det kontakt mellom Toven og Myklebust, som gjorde at dommar Solheim peikte på straffemerket. Toven hadde gult frå tidlegare i omgangen, og dommar meina Toven ikkje forsøkte å ta ball og hindra Myklebust frå å avslutte. Det gav andre gule, og må stå over nok ein kamp. 8-0 blei sluttresultatet, og ein fekk sjå at Ørsta meina alvor av opprykksjaget.

Fleire var ute av troppen denne gongen dessverre, men fleire gjorde sitt for å forsøke å få maksimert opplevinga. Keeper Tomic sprang, kjempa og gjorde sitt som spiss. Venstreback Stian Klokk kjempa hardt som indreløper, medan Lars Mikalsen og Elias Seth forsøkte å stenge mellomrommet som defensiv midt. Tor Abelseth har vore liggande med feber i tre dager før han stille opp i 90 minutt for Norborg. I tillegg gjorde trenar Rogne og hjelpemann Dulgheru sine innhopp for å demme opp for slitasje.

Laget: Ronald Olsen – Anders Toven, Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal, Elias Seth – Ole Martin Fevåg (Marius Rogne, 45, Marius Dulgheru, 65), Stian Klokk, Lars Mikalsen, Oliver Gamlem, Robert Dulgheru – Viktor Tomic (Marius Rogne, 85).