Norborg/Brattvåg2 – Rollon 0-5 (0-2)

Norborg/Brattvåg2 – Rollon 0-5 (0-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 25.08.2023

Sjansar: 1-12
Cornere: 4-12

0-1 Anders Waagan (7)
0-2 Marius Waagan (27)
0-3 Lage Haadem (66)
0-4 Arthur Arsnukajev (83)
0-5 Anders Waagan (90)

Norborg/Brattvåg2 hadde diverre lite å stille opp med i fredagens kamp mot Rollon. Rollon tok tak i kampen frå start og pressa heimelaget bakpå med raskt og presist pasningsspel. Det måtte likevel ein corner til for å få nettkjenning. Den tidlegare Ravn- og AaFK-spelaren Anders Waagan heada eit presist slått hjørnespark i nota før klokka viste 7 minutt. Rollon fortsette å styre spelet og hadde hatt fleire gode sjansar før Marius Waagan dobla leiinga på eit skot inne ved stolperota knappe halvtimen ut i omgangen. Norborg-laget, som slit med mannskapsmangel, var heldige som berre låg under med to mål til pause.

Rollon haldt fram med å styre kampen etter sidebyte, men heimelaget demma betre opp dei første tjue minutta enn tilfellet før kvila. Halvvegs ut i omgangen glapp det likevel på ein corner og Lage Haadem stupheada inn 0-3. Mot slutten av kampen rakna det meir og meir for heimelaget og Arthur Arsnukajev og Anders Waagan scora kvart sitt på langskot.

Norborg tek på torsdag turen til Ørsta.

Laget: Victor Tomic (Ronald Søvik Olsen, 46) – Stian Klokk, Tor Abelseth, Elias Austbø Seth, Kjell Terje Brusdal – Robert Dulgheru (Lars Mikalsen, 74), Tarjei Urkedal (Marius Rogne, 90), Jesper Vos, Oliver Gamlem (André Larsen, 83), William Jenssen Grytten – Amar Selak (Ole Martin Fevåg, 71).