SIF/Hessa – Norborg/Brattvåg2 2-1 (1-0)

SIF/Hessa – Norborg/Brattvåg2 2-1 (1-0)
4. divisjon, Skarbøvik stadion KGB, 17.08.2023

1-0 Markus Foss Håndlykken (33)
1-1 Marius Dulgheru (65)
2-1 Gaute Sætre Kvalsvik (79)

Norborg/Brattvåg2 stilte torsdag med tre debutantar og tre comebacks mot SIF/Hessa. Frå vårkampen mangla heile sju frå lagoppstillinga sist vi møtte SIF/Hessa. En ting forandra seg ikkje, spelar nr. 35 blei Norborg/Brattvåg2s målscorer!

Norborg/Brattvåg2 gjekk ut med en klar og tydeleg plan for å hindre SIF/Hessa i å få tilgang til målgarden til Ronald Olsen. Overraskande var det då Norborg/Brattvåg2 med Ole Martin Fevåg på topp skapte den første sjansen. Fevåg snappa ballen frå SIF-stopperen i sin A-lagsdebut, og såg keeper var på halvdistanse. Han sendte avgårde et skot som dessverre, for ein meter til side for det opne buret frå 25 meter.

SIF var det førande laget, men mykje av forsøka blei lange ballar mot bakrom som forsvant til kast, femmeter eller keeper. SIF hadde eit par store, men det var først etter eit innkast den store trusselen kom. Eit langs innkast blei klarert ut til ein SIF-spelar som slo ballen kjapt inn i feltet. Ein SIF-spelar utfordra vår sisteskanse som måtte gi retur, der var det ein svart og kvit som kom først, og sett den kontant i nota. Ut til pause blei det ikkje skapt mykje meir, og 1-0 til pause var i orden.

2.omgang fortsette som den fyrste. SIF med ball, Norborg forsvarar, men forsvarar seg godt. SIF fekk ein kjempemoglegheit aleine med Ronald Olsen, men fyrst stod stolpen åleine, før Elias Seth fekk kasta seg foran. Etter om lag timen spelt kom det nye debutantar på bana for Norborg/Brattvåg2. Amar Selak og nummer 35, Marius Dulgheru entra bana.

Etter litt klabb og babb på midtbana spelar Elias Vikestrand seg fri, og sende Robert Dulgheru fri på venstre sida. Han sett fart mot 16-meter og ser far Marius Dulgheru med eit godt løp mot bakre. Ballen blir spelt bak forsvaret til SIF, og debutant Marius Dulgheru tar eit godt touch, før han sett ballen under SIF-målvakta. 1-1 og eufori i Norborgleiren!

Eit kvarter før slutt får Anders Toven sin andre gule, men dommaren oppdaga ikkje feilen før nokre minutt seinare. Assistenten måtte ha bistand frå Norborgbenken for å oppdage feilen.
Med 10 mann blei det eit trykk på eigen halvdel. Drøye ti minutt før slutt smell Gaute Kvalsvik til frå 18 meter, og i nærmaste hjørne for Ronald Olsen, 2-1.

Norborg kriga fram eit par dødballar, og Stian Klokk var eit hårstrå frå å komme åleine mot SIF-buret, og fekk legge eit lite trykk mot slutten. Dog haldt det ikkje heilt inn, men ein enorm innsats frå Norborggjengen. Tre debutantar, tre comebacks. Oppofring, dedikasjon og maks innsats frå samtlige, gjorde at SIF/Hessa måtte kjempe til siste slutt for sigeren.

Neste kamp er heime mot Rollon fredag 25. august kl. 1830.

Laget: Ronald Olsen – Anders Toven, Tor Abelseth, Elias Seth, Lars Mikalsen (Amar Selak, 61) – William Jenssen Grytten, Tarjei Urkedal (Marius Dulgheru, 65), Stian Klokk, Elias Vikestrand, Robert Dulgheru – Ole Martin Fevåg (Marius Koch Rogne, 75).