Norborg – MSIL 2-0 (0-0)
Uggedal stadion, 05.09.13
Sjansar: 6-4
Cornere: 4-2
1-0 Cato Longva (76)
2-0 Hans Edvard Nordang (str. 90+5)
I ein kamp som kunne ha bikka begge veger avgjorde Norborg med to mål mot slutten. – Vår tolmod vart satt på prøve i dag. Vi gjer ein svak 1. omgang med mange feilpasningar. Hevar oss litt etter pause og får litt meir rom. Likevel kunne MSIL ha stukke av med poenga. Joakim har ei matchvinnarredning på 0-0, men når vi får 1-0 har vi stort sett kontroll, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.
Strålande speletilhøve på Uggedal stadion torsdag kveld, men sjølve fotballen var alt anna enn strålande. 1. omgang var eit langt gjesp med to lag som sleit med å finne sine medspelarar. MSIL nærmast leiinga sju minutt før pause då Stian Hellevik jagar ein ball i bakrom, når den før keeper Kjærstad og skyt, men Hans Edvard Nordang plukker opp den lause avslutninga. Elles lite å gjere for begge målvakter.
Vi fekk sjå ein meir open og underhaldande kamp etter pause. Norborg best i gong der Mathias Fjørtoft kunne notere seg for eit godt skot frå nær 20 meter som keeper fekk slått til corner. Den største sjansen fekk Tarjei Urkedal, men han heada det Preben Lorgen sitt “ferdigscora” innlegg rett på keeper. MSIL hadde sin beste periode rundt timen spelt då både Sondre Lunheim og Roy Magne Sunde hadde sine sjansar. Spesielt Sunde sin sjanse var stor, men keeper Kjærstad redda meisterleg headinga frå kloss hald.
Norborg starta gradvis å ta over kampen og eit kvarter før slutt vann Cato Longva ballen på 25 meter, avanserte mot 16 og avslutta med ein slags lobb over keeper og i mål til 1-0. Alexander Eide hadde sjansen til å punktere kampen fem minutt før slutt då han dribla keeper på 16 meteren, men måtte sjå skotet sitt bli redda av ein utespelar. 2-0 skulle likevel kome då Tarjei Urkedal vart felt innafor 16 meteren og dommar Eldevik bles for straffe. Den sette Norborg sin bestemann Hans Edvard Nordang sikkert i mål.
Norborg totalt sett best, men sleit med rytme og tempo på ball i angrep. Defensivt stort sett kontroll mot ein motstandar som satsa på ballar i bakrom.
Neste kamp er borte mot Stordal torsdag 12. september kl. 1830.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Ole Marius Otterlei, 54), Erlend Coates, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Joakim Roald, 90), Mathias Fjørtoft, Preben Lorgen (Christian Sæther, 76), Ole-Kristian Aarseth (Alexander Eide, 77) – Cato Longva, Tarjei Urkedal.