Norborg/Brattvåg2 – Bergsøy 1-2 (1-0)

Norborg/Brattvåg2 – Bergsøy 1-2 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 16.06.2023

1-0 Magnus Otterlei (16)
1-1 Junior Tombini (str. 62)
1-2 Trym Rekkedal (72)

Norborg/Brattvåg2 måtte nok ein gong gå av bana utan poeng då Bergsøy vart for sterke under strålande speletilhøve i Uggedalen fredag kveld. Nettopp veret var nok betre enn sjølve kampen, men etter eit lite spelemessig overtak av Bergsøy var det Norborg fekk ballen først i mål då Adrian Korsedal tok eit raskt innkast i bakrom til Magnus Otterlei, som fossa inn i 16 meteren og sette ballen i nota. Norborg kjempa godt, og sjølv om Bergsøy kom seg til nokre sjansar lykkast ein i stor grad å forstyrre gjestane si spelrytme.

Kampen fortsette i same spor etter pause, men kvarteret ut i omgangen er Jesper Vos uheldig i ein duell og let ein Bergsøy-spelar konstruere eit straffespark. Junior Tombini sette straffa sikkert i nota. Like etter utlikninga var Magnus Otterlei nær sitt andre mål på eit skot frå 18 meter, men keeper Pedro Gonzalez fekk så vidt slått ballen til corner. Norborg sin corner vart resultatlaus, men det vart ikkje Bergsøy sin omdiskuterte corner nokre minutt seinare. Norborg protesterte på kvar ballen låg då ein Bergsøy spelar la den til rette ein meter utanfor angitt felt. Ballen vart slått inn i feltet der Trym Rekkedal styrte den i nota til Norborg sine protestar. Bergsøy hadde mot slutten god kontroll på kampen og heldt med sine tre poeng følge med Ørsta og Herd i tetstriden. Norborg på si side ligg sist på tabellen og treng eit par sigrar mot Hovdebygda og Volda2 for å få kontakt med laga over streken.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Robert Dulgheru (Korsedal, 88), Tor Abelseth, Elias Seth, Anders Toven – Magnus Otterlei (William Jenssen Grytten, 84), Noah Lausund Klokk, Jesper Vos (Adrian Andrukiewicz, 84), Martin Fylling Koch – Magnus Austbø Seth, Adrian Korsedal (Eirik Koppen Vågnes, 63).