Norborg/BIL2 – Aksla 2-0 (1-0)

Norborg/BIL2 – Aksla 2-0 (1-0)
Treningskamp, 14.04.2023

1-0 Henrik Otterlei Hurlen (18)
2-0 Adrian Korsedal (67)

På sjølvaste tacofredag tok Norborg/Brattvåg2 i mot Aksla i strålande sol. Det var klart for generalprøve, og siste test før Langevåg borte den 20. april.

Det var ein kamp som bar preg av at eit lag ville legge seg lavt og ta kontringar, medan Norborg/BIL2 ville forsøke å finne opningar i Akslaforsvaret. Dei oransje sleit med å finne dei tydelege romma, og evna ikkje å sette opp tempo i 1.omgang når Aksla sette tempoet ned. I staden blei det offensivt press som blei oppskrifta på å få hull på byllen. Magnus Otterlei gjekk i kraftig press på Akslas venstrestopper og gjenvinninga gav ein god pasningsmoglegheit til Henrik Hurlen som sette ballen kontant i nota aleine med keeper.

Norborg hadde fleire gode dødballar, og nokre forsøk på å skremme Aksla, men ingen av forsøka gav særleg til uttelling. Aksla på si side hadde eit par farlege kontringar, men Viktor Tomic måtte berre ein gong i full strekk etter ei avslutning frå skrå vinkel. 1-0 var heilt greitt i kamp som ikkje var eit fyrverkeri.

I 2.omgang var det Aksla som sendte avgårde fyrste skot etter 30 sekund, men ikkje til fare for Ronald Olsen som hadde kome inn i buret. 2.omgang bar preg av det same kampbildet, men Norborg/BIL2 hadde betre rytme i det offensive spelet i 2.omgang. Både Stian Klokk og Tobias Jensen på backane kom meir med i 2.omgang, og fekk skapt et trykk mot Akslamålet. Elias Seth hadde kome inn som midtstopper, og leverte sin andre assist for året, på nydeleg vis. Han tar med seg ballen framover, og frå midtbana legg han ballen inn i rommet til Adrian Korsedal. Han får ta ballen ned, aleine i 16-meteren, og legger den kontrollert i næraste hjørne. Norborg/BIL2 hadde fleire skremmeskot og moglegheiter for å legge på til 3-0 med Magnus Otterlei, Stian Klokk, Lars Mikalsen og Henrik Hurlen, men meir mål blei det ikkje.

2-0 med god kontroll, og fleire skapte sjansar må seiast å vere godkjent i generalprøva. I vinter har det då blitt tre sigrar, ein uavgjort og eit tap. No er det seriestart neste!

Laget: Viktor Tomic (Ronald Olsen, 45) – Stian Klokk, Tor Abelseth (Henrik Hurlen, 87), Anders Toven, Tobias Jensen (Robert Dulgheru, 65) – Ivan Håvik, Noah Klokk – Magnus Otterlei, Oliver Gamlem (Elias Seth, 60), Adrian Korsedal (Jesper Vos, 70) – Henrik Otterlei Hurlen (Lars Mikalsen, 77).