Norborg/BIL2 – Rollon 2-2 (1-1)

Norborg/BIL2 – Rollon 2-2 (1-1)
Treningskamp, 30.03.2023

1-0 Tor Abelseth (25)
1-1 (36)
1-2 (str., 54)
2-2 Henrik Hurlen (75)

Torsdag 30. mars tok Norborg imot Rollon på Uggedal KGB. Ein svært etterlengta økt, som kom godt ut for begge lag.

Dei fyrste 20 minuttane var det Norborg som var mest på hugget. Norborg skapte to-tre gode sjansar, og hadde mest ball. I det kampen snur moment, er det då Norborg skal få forløysing. Rollon får to-tre cornera på rad og skapte meir trykk mot Viktor Tomic i mål. Norborg tar eit hurtig kast langs sida, og Adrian Korsedal tvingar fram en corner. Den treff fyrst panna til Korsedal, tverrliggar, Elias Seth med nytt hovudstøt, keeper og til slutt, Tor Abelseth breisida den i mål.

Etter scoringa var det Rollon som styrte det meste. Norborg forsøkte å spele av presset, men fekk ikkje heilt brote ned Rollon. Rollon utligna full fortjent ti minutt før pause, etter eit innlegg frå høgre blir lagt tilbake i feltet og satt sikkert i lengste for Tomic. 1-1 blei pauseresultatet.
2.omgang starta som fyrste omgang slutta. Rollon mest på, medan Norborg kjente strekken i laget frå slutten av 1.omgang i beina. Etter eit innlegg, nok ein gong frå Rollons høgre, avsluttar ein Rollonspeler i handa på ein Norborgar. Assistentdommar Erlend Dahl Otterlei vinkar heilt korrekt, og får medhald frå dommar Steinsbu. Straffe blir gitt, og den blir satt kontant i mål.

Rollon fortsetter å styre kampen, men Norborg får betre kontroll defensivt. Tryggare i ramma, kortare avstandar og farlegare på kontringar. Eit kvarter før slutt kjem Norborg seg rundt på sin venstre. Tobias Jensen får slått eit godt innlegg til Henrik Hurlen som stanga ballen i mål! 2-2 blei også sluttresultatet etter eit sluttkvarter utan dei store sjansane for nokon av laga. Ei fin treningsøkt med intensitet.

Laget: Viktor Tomic (Ronald Olsen, 45) – Stian Klokk (Ivan Håvik, 70), Tor Abelseth, Elias Seth (Nikolai Jensen, 60), Tobias Jensen – Noah Klokk (Lars Mikalsen, 76), Thomas Aarsund – Robert Dulgheru (Oliver Gamlem, 60), Magnus Otterlei, Adrian Korsedal (Igor Leonov, 68) – Henrik Hurlen (Noah Klokk, 87).