Norborg – Langevåg 7-3 (3-2)
Uggedal KGB, 14.03.13
Sjansar: 13-6
Cornere: 3-6
1-0 Cato Longva (27 sekund)
2-0 Even Vestavik (11)
2-1 Albert Devold (25)
3-1 Kristoffer Søviknes (28)
3-2 Espen Nordstrand (33)
3-3 Kristian Ona (47)
4-3 Kristoffer Søviknes (51)
5-3 Ole Johan Urke (63)
6-3 Frank Dalhaug (str. 72)
7-3 Ole Johan Urke (75)
Praktfulle tilhøve på Norborg si kunstgrasbane i kveld då Norborg tok i mot Langevåg. Heimelaget sitt spel var også praktfullt det første kvarteret og gjestane kunne vere nøgde med at det berre vart to i sekken i desse minutta. Resten av omgangen vart meir eller mindre begredeleg for Norborg. Samhandling og duellvilje var totalt fråverande og Langevåg vart invitert med i kampen. Norborg gjekk til pause med 3-2, men med mykje rusk i maskineriet. Betre vart det ikkje då Langevåg utlikna til 3-3 med sitt tredje cornermål eit par minutt ut i 2. omgang. Men då vakna Norborg for alvor opp av dvalen. Pasningskvalitet, rørsle og duellviljen var igjen til stede og ein kjørte over Sula sin tidlegare fotballstormakt. 7-3 stod det til slutt og Norborg fekk ei god fotballoppleving etter litt motgong dei siste vekene.
Mange forfall hos Norborg denne kvelden, men det var det også hos gjestande lag Langevåg, som stilte med mange spelarar under 19 år.
Norborg gjekk rett i strupa på Langevåg og 27 sekund ut i kampen låg ballen i nota. Eit langt oppspel av Kristian Søviknes til Kristoffer Søviknes, som vinn duellen med stoppar og finn Cato Longva på løp. Cato tek med seg ballen, runder keeper og sette den i tomt mål. Norborg fortsette kjøret og har fleire store sjansar til å auke leiinga dei neste minutta. 2-0 let ikkje vente lenge på seg då Frank Dalhaug sitt frispark til slutt når fram til Even Vestavik som sette ballen i nota. Dette blir lett match tenkte nok dei fleste, men Langevåg heva seg kraftig og kjempa Norborg ut av stilen.
Den målfarlege stopparen Albert Devold kjenner vi godt til, men kunne likevel ikkje hindre han i å heade inn redusering etter corner omtrent midtvegs i omgangen. Norborg svara raskt ved Kristoffer Søviknes, men det var likevel mykje rusk i Norborg-maskineriet i denne perioden. Langevåg fekk på nytt håp då Espen Nordstrand heada inn ny redusering på corner.
Norborg leia til pause, men var ikkje nøgde med seg sjølve og ville vise seg frå ei anna side i 2. omgang.
Pausepraten om å vere tøffare innafor eigen 16 meter prella av som vatn på gåsa. Minuttet ut i omgangen utlikna Kristian Ona då Norborg ikkje får klarert ein corner. Corner er mål er ei frase Langevåg lever opp til.
Sjølv om omgangen starta verst tenkeleg vart dette ein god omgang for Norborg der alle spelarane markerte seg positivt. Dryge fem minutt ut i omgangen var det Norborg sin tur til å score på dødball då Kristoffer Søviknes heada inn eit frispark frå bror Kristian. 5-3 vart satt inn av Ole Johan Urke på utsøkt vis med eit skot i lengste kryss. Like etter blir det dømt straffe for hands. Straffa sette Frank Dalhaug sikkert i mål.
Norborg og spesielt Knut Øyvind Grytten kom seg til eit par store sjansar før Ole Johan Urke sette inn sluttresultatet til 7-3 eit kvarter før slutt. Langevåg hadde lite å by på i denne omgangen og Norborg vann fortent.
Norborg sin bestemannspris gir vi til Even Vestavik. Ingen har tilbakelagt så mange kilometer i Uggedalen på 90 minutt som Even gjor i denne kampen. I tillegg til mål, duellvilje og råd til sine medspelarar.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 84) – Kristian Søviknes (Johann Fiskergård, 69), Preben Lorgen, Daniel Aakre, Andreas Lødøen (Knut Øyvind Grytten, 46) – Even Vestavik, Frank Dalhaug (Joakim Roald, 83), Tarjei Urkedal – Ole Johan Urke, Kristoffer Søviknes, Cato Longva.
Dommar: Bjarte Steinsbu
Assistentar: Sondre Urkedal og Ådne Hellandsvik