Larsnes/Gursken – Norborg 1-1 (0-1)
River Plate Gursken KGB, 11.10.2014
Sjansar: 9-8
Cornere: 11-5
Norborg var på god veg mot tre kjærkomne poeng, men på overtid av overtida øydelagde Anders Vaagen moroa då han heada inn utlikninga etter at Norborg ikkje greidde å klarere ein corner. Dei andre resultata gjekk Norborg sin veg så det er fortsatt eit snev av håp. Norborg tok tidleg leiinga ved Daniel Aakre og hadde gode sjansar til å få både 2 og 3 mål før pause. I 2. omgang tok heimelaget over kampen og Norborg såg lenge ut til å ha dei manglande marginane frå dei siste kampane endeleg på si side, men til slutt vart det nok eit surt poengtap.
Det var Norborg som tok kommandoen i kampen mot allereie nedrykksklare Larsnes/Gurksen. Daniel Aakre fekk prøve seg som høgreving i denne kampen og det viste seg som ein god idé. Allereie i det 4. minutt slo Kristoffer Søviknes ein stikkar i bakrom til Aakre som fossa mot mål, men diverre gjekk avslutninga utanfor mål. Eitt minutt seinare var siktet langt betre innstilt då han fekk ein stikkar av Øyvind Sundnes. Aakre sette ballen sikkert til side for keeper og i mål til ei tidleg leiing for Norborg.
Norborg fortsette å styre kampen og både Sundnes og Elling Mikal Kalvø fekk sjansen til å doble leiinga. Spesielt Kalvø sin sjanse var gedigen då han heada ein corner av Kristoffer Hildrestrand like over mål frå eit par meter. Etter kvart kom heimelaget betre med og både Anders Vaagen og Thomas Sætre Hauge fekk sjansar til å utlikne. Sistnemnde var særs nær minuttet før pause, men tverrliggar stod i vegen.
Alt i alt ein god omgang av Norborg der ein burde ha leia med meir enn det eine målet. Diverre var effektiviteten like svak som den har vore før i år.
Etter pause blir Norborg passive og mister struktur. Heimelaget spelte seg til fleire sjansar, men Norborg haldt stand og rei av stormen som var dei første tjue minutta. Kristoffer Hildrestrand fekk ein stor sjanse til å auke leiinga for Norborg etter at Daniel Aakre kom seg rundt på kant, men Hildrestrand styrte ballen like utanfor.
I sluttminutta vart det litt panikk i Norborg og ein greidde ikkje å få til skikkelege klareringar. Fire minutt på overtid fekk Larsnes/Gursken corner. Norborg hadde fleire sjansar til å klarere, men ballen gjekk ikkje ut av 16 meteren og til slutt havna ballen på hovudet til Anders Vaagen som heada den i nota til 1-1. Eit mål som var “katastrofalt” for både Norborg, Stranda og Ravn, og kanskje også for Larsnes/Gursken med tanke på neste sesong.
Totalt sett så fortente heimelaget utlikning med tanke på 2. omgangen. Då var Norborg svake og også litt feige. Alle dei andre resultata gjekk Norborg sin veg, så det er fortsatt mogeleg å stå. Neste kamp er heime mot Arna-Bjørnar laurdag kl. 15.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Christian Sæther – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft, Daniel Aakre (Ole-Kristian Aarseth, 80) – Øyvind Sundnes (Erlend Coates, 88), Kristoffer Søviknes (Ådne Hellandsvik, 46).