Norborg – Sogndal2 1-2

Norborg – Sogndal2 1-2 (0-2)
Uggedal stadion, 22.09.2014

Sjansar: 6-5
Cornere: 3-6

0-1 Ken-Joar Frøyen (17)
0-2 Mathias Flo (18)
1-2 Christian Sæther (84)

Dommar: Tor Ove Myrseth (Sykkylven)

Norborg måtte for andre heimekamp på rad gå poenglause av bana, men denne gong hadde ein fortent langt meir. Gjestane var best før pause og skaffa seg to målsleiinga då dei utnytta to personlege feil med eitt minutts mellomrom. Etter pause heva Norborg seg og trykte Sogndal2 tilbake på bana, men trass mange sjansar vart det berre med ei redusering i sluttminutta.

Sogndal kom med eit ungt 2. lag til Uggedalen og Norborg såg sine sjansar til poeng. Det starta også bra for heimelaget. Ein vann duellane og var berre centimetere frå leiing då Christian Sæther trefte tverrliggjaren med eit skot frå nær 20 meter fire minutt ut i kampen. Etter gode første femten starta nedturen for Norborg. I det 17. minutt snappa Ken-Joar Frøyen opp ei laus pasning og scora åleine med keeper. Minuttet seinare gjer Norborg ei mislukka dribling utanfor Sogndal2 sin 16 meter. Sogndal2 kontra godt mot eit Norborg-lag i ubalanse og Mathias Flo doblar leiinga.

Gjestane var i resten av omgangen best i det meste, men sleit med å skape dei store sjansane. Frøyen var likevel nær å auke leiinga etter ein halvtime spel, men keeper Ronald Søvik Olsen tok fram ei god reaksjonsredning. 0-2 stod seg til pause.

I 2. omgang fekk vi sjå eit heilt anna heimelag. Ein tok til å vinne duellane og trykte Sogndal2 tilbake på bana. Spesielt Kristoffer Hildrestrand var særs aktiv og skapte trøbbel for gjestane sitt forsvar, men diverre vart det ikkje mål på guten frå Hildre. Mål vart det heller ikkje på Elling Mikal Kalvø trass ein stor sjanse etter innlegg frå Mathias Fjørtoft.

Dryge fem minutt før slutt lykkast endeleg Norborg med å finne nettmaskene då Christian Sæther heada inn eit innlegg frå Kristoffer Hildrestrand. Norborg fortsette å trykke på, men Sogndal2 haldt unna og kunne juble for tre poeng.

– Dette var ein kamp vi hadde fortent meir i, men vi blir hardt straffa av personlege feil. Gutane skal likevel vere stolte av innsatsen sin etter pause då vi dominerer kampen. Vi viser då at vi både har vilje og evner, sa trener Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Neste kamp er borte mot Tornado Måløy laurdag kl. 14.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates (Joakim Roald, 90), Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Christian Sæther, Mathias Fjørtoft, Tarjei Urkedal – Kristoffer Hildrestrand (Kristian Søviknes, 85), Kristoffer Søviknes (Ådne Hellandsvik, 79), Øyvind Sundnes.