Norborg – Spjelkavik 1-1 (1-1)
Uggedal stadion, 04.09.2014
Sjansar: 3-5
Cornere: 2-5
1-0 Joakim Roald (24)
1-1 Tore Johan Gjerde (33)
Norborg tok leiinga på eit praktangrep av Kristoffer Hildrestrand og Joakim Roald, men måtte sjå Spjelkavik utlikne før pause. I 2. omgang makta ingen av laga å finne vegen til nettmaskene. Spjelkavik var nærmast og eit forfallsprega Norborg kunne seie seg nøgd med eitt poeng.
Før torsdag var det klart at assistkongen Ole Johan Urke var ute med skade og midtbanegeneral Mathias Fjørtoft ute med karantene, men torsdag kom den triste beskjeden at toppscorar Kristoffer Søviknes måtte melde forfall grunna sjukdom. Dermed kom Joakim Roald inn. Noko som etter kvart skulle vise seg verdifullt. Etter tjue minutt der gjestane frå Spjelkavik hadde kommandoen, men sleit med å skape dei klare målsjansane vakna Norborg. Først viser Øyvind Sundnes seg fram med eit brassespark, men keeper Serkovs fekk stoppa det gode forsøket. Tre minutt seinare måtte han likevel plukke ballen ut av nettet, og for eit angrep av Norborg. Kristoffer Hildrestrand tok med seg ballen frå eigen halvdel. Sprang frå samtlege på venstresida og la 45 ut til Joakim Roald som klinka ballen i nota frå 17 meter.
Norborg fekk diverre ikkje leie lenge. Ni minutt seinare finn eit innlegg frå Trond Håkon Edøy hovudet til spelaren som i sommar vart nekta utlån til Norborg, Tore Johan Gjerde. Heilt umarkert heada han ballen enkelt i mål til 1-1. Norborg vart i dette tilhøvet alt for opptatt av ball og trass gjentatte beskjedar frå keeper Olsen vart ikkje Gjerde plukka opp.
Lite skjer i resten av omgangen der Spjelkavik fortsette å ha ballen, medan Norborg forsvarte seg godt.
Etter pause prøvde Norborg å løfte laget, men pasningsspelet vart for upresist og ein greidde aldri å skape sjansar i åpent spel. Spjelkavik var ballsikre, men sleit også med å skape det heilt store. Nokre vart det likevel, men den gongen ballen gjekk i mål så var det på eit skot som gjekk gjennom nettveggen på eit skot frå noko skrått hald. Både Gjerde og Fossum fekk sine sjansar på hovudet, men Norborg hadde god defensiv kontroll. På slutten var Hans Edvard Nordang nær ved å gi Norborg tre nye poeng på eit frispark, men forsøket gjekk eit par meter til side for mål. Dermed enda kampen 1-1.
– Eg er mellomfornøgd, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen. Dette var ein kamp vi burde ha tatt tre poeng i, men slik det utvikla seg så skal vi vere nøgd med eitt poeng. Vi gjer ein rotete kamp med for svakt pasningsspel, men er forholdsvis solide defensivt.
Neste kamp er heime mot Stryn laurdag 13. september kl. 16.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal, Christian Sæther, Ole-Kristian Aarseth (Bendik Brunvoll, 74) – Joakim Roald (Ådne Hellandsvik, 72), Øyvind Sundnes.
Dommar: Jim Dyb (Valder)
Joakim Roald scorte sitt første seriemål for Norborg då han klinka inn 1-0 på vakkert vis.