Norborg – Hødd2 0-4

Norborg – Hødd 2. lag 0-4 (0-1)
Uggedal stadion, 04.08.14

Sjansar: 3-12
Cornere: 3-7

0-1 Franjo Tepuric (7)
0-2 Benjamin Mork Kleppe (82)
0-3 Bendik Rise (88)
0-4 Bendik Rise (90)

Norborg gjekk på ein heilsprekk i sluttminutta mot Hødd2 og måtte sjå seg slått 0-4 i det som var ein spennande kamp i 81 minutt. Gjestane var gjennom heile kampen det beste laget og skapte fleire store sjansar både før og etter pause, men hadde svak utteljing fram til lufta gjekk ut av Norborg mot slutten.

Det var tydeleg at enkelte av Norborg sine spelarar mangla trening med ball og øving på spel på stor bane dei siste vekene, for diverre prega enkle personlege feil heimelaget. Likevel var det spenning og uvisst utfall i over 80 minutt.

Hødd2 tok tidleg leiinga då Franjo Tepuric fekk ein stikkar i bakrom, runda keeper og scora sikkert i det 7. minutt. Hødd2 skapte mange situasjonar framfor Norborg sitt mål og berre ein god keeper Ronald Olsen og snille stolpar hindra større leiing til gjestane før pause. Spesielt Tepuric var ein trussel mot Norborg og at han ikkje scora fleire enn det eine er ei gåte. Halvvegs ut i 1. omgang så gjekk skotet hans stolpe, stolpe, ut. Norborg hadde marginane med seg defensivt, men måtte også sjølve sjå ballen gå i aluminiumet då eit frispark frå Ole Marius Otterlei gjekk i tverra og ut. Returen gjekk til Hans Edvard Nordang som brente til frå 10 meter, men skotet gjekk rett på keeper. Likevel, Norborg kunne seie seg nøgde med å berre ligge under 0-1 til pause.

Første halvtimen av 2. omgang var relativ sjansefattig, men Hødd2 var framleis det førande laget og både Tepuric og Beite hadde gode forsøk. Norborg sin einaste sjanse etter pause fekk Hans Edvard Nordang etter ein dødball, men headinga gjekk over mål. Norborg gambla meir framover dei siste ti minutta og la om til tre mann bak. To minutt seinare scorar Hødd2 ut av ingenting. Norborg sitt forsvar og keeper såg ut til å ha full kontroll på eit oppspel, men plutseleg gjekk ballen forbi keeper og Benjamin Kleppe var igjennom og putta i opent mål. Dermed fekk vi aldri nokon sluttspurt av Norborg. Lufta gjekk ut av ballongen, og innbytar Bendik Rise fekk gjere som han ville mot slitne heimespelarar og putta to mål i sluttminutta og sendte med det Norborg under streken.

Neste kamp er borte mot Bergsøy laurdag kl. 14.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal (Preben Lorgen, 84), Mathias Fjørtoft, Christian Sæther (Alexander Eide, 65), Ole-Kristian Aarseth (Kjell Terje Brusdal, 80) – Øyvind Sundnes.

Dommar: Kristian Melset (Sykkylven)
Assistentar: Even Myrheim (Emblem) og Torbjørn Krøvel (Ørsta)

Lite å utsette på denne trioen.