Norborg – Larsnes/Gursken 1-2

Norborg – Larsnes/Gursken 1-2 (0-0)
Uggedal stadion, 21.06.14

Sjansar: 5-5
Cornere: 5-6

1-0 Øyvind Sundnes (52)
1-1 Robert Vik (63)
1-2 Tor-Jørgen Kleppe (87)

Frustrerande ettermiddag for Norborg som følte at dommartrioen påvirka sluttresultatet. Der Gulars fekk eit offside-mål, vart Norborg snytt for eit onside-mål hevda norborgarane. Norborg det førande laget før pause og burde ha tatt leiinga tidleg i kampen. Etter kvila tok gjestane over initiativet og fekk med seg tre poeng.

Dette var kampen ingen av laga kunne tape, spesielt ikkje Larsnes/Gursken, som då ville hatt stor avstand opp til Norborg på ståplass. Det var venta at gjestane, heretter kalla Gulars, ville gå hardt ut sidan dei trengte poenga mest, men i motvinden la dei seg disiplinert på eigen halvdel med samtlege spelarar. Norborg hadde mykje ball og opna kampen godt dei første ti minutta. Allereie i det 3. minutt fekk Kristoffer Hildrestrand ein brukbar sjanse då han sendte eit innlegg frå Kristoffer Søviknes over mål på volley. Nokre minutt seinare så burde og skulle Norborg ha tatt leiinga. Tre spelarar stod i kø for å score, men ingen turde å sette ballen i mål. Større skotvegring har vi ikkje sett maken til og Gulars fekk dermed klarert.

Norborg vart etter kvart lite oppfinnsam i sitt spel og skapte ekstremt lite før Ole Johan Urke fekk sjansen ti minutt før pause, men han tok eit touch for mykje på ballen så ein Gulars-spelar fekk blokkert forsøket innafor 16 meteren. Gulars på si side hadde ingen klare sjansar, men hadde eit par gode skotforsøk frå distanse. Alt i alt ein keisam omgang i Uggedalen og den venta målfesten mellom desse to laga som er sterkare offensivt enn defensivt vart ikkje noko av.

Like før pause høgde Jørn Olsen Kristoffer Hildrestrand i bakken så han fekk ei vridning i kneet å måtte byttast med Øyvind Sundnes. Sundnes er Norborg toppscorar og presenterte seg igjen som ein målsnik då Kristoffer Søviknes stussa ballen i hovudet på Sundnes så ballen går i mål. 1-0 til Norborg og fortent leiing.

Målet førte til at Gulars måtte fram på bana og med vinden i ryggen tok dei over kampen. Både Thomas Sætre Hauge og Oskar Gunnarstein fekk sjansen til å utlikne rett etter Norborg sitt leiarmål. Norborg levde farleg og i det 63. minutt glapp markeringa då Robert Vik stussa eit innlegg i mål. Gulars fortsette å ha initiativet i kampen også etter utlikninga mot eit heimelag som var i oppløysing med store avstandar mellom ledda og utan evne til å halde på ballen. Likevel var Norborg særs nær å ta leiinga på nytt då Kristoffer Søviknes fekk ein stikkar i bakrom. Søviknes får avslutta for så å bli meid ned. Keeper redda og Norborg vil ha straffe, men utan gehør frå dommaren. – Eg får ikkje fullført bevegelsen min med skotfoten og meinar at eg blir snytt for eit klart straffespark, sa Kristoffer etter kampen.

Dommaren skulle i sluttminutta kome endå meir i fokus då Gulars tok leiinga 2-1 på omdiskutert vis. Norborg sine spelarar meinte at ballen vart spelt mot ein spelar i offsideposisjon då Gulars slo ballen i bakrom. Elling Mikal Kalvø slengte ut foten for å blokkere pasninga så den havna hos Kleppe. Åleine med keeper scora han sikkert medan norborgarane kikar på linjedommaren. Han held flagget nede og protestane frå Norborg hagla. Norborg-dommar Arild Vegsund som overvar kampen vurderer situasjonen slik; – Det stod ein Gulars-spelar i offside, men ikkje han som scora. Eg vil vurdere det som ei riktig avgjersle av dommaren å godkjenne målet. Elling Mikal Kalvø har ei anna oppfatning. – Eg blokkerer pasninga så den ikkje skal gå fram til spelaren som stod i offside for eg ville ikkje gamble på at det ikkje blir vinka. Blokkeringa mi går då til Kleppe som scorar. Blir for dumt at det ikkje skal bli offside.

På overtid kom dommarane igjen i fokus. Denne gong blir det vinka for offside når Elling Mikal Kalvø sette ballen i mål etter gjennomspel av Kristoffer Søviknes. – Eg er ikkje i offside for eg har ein mann i rygg og Elling er klart på riktig side, sa Kristoffer etter kampen. Norborg vart truleg snytt for 2-2 og eit viktig poeng.

Totalt så leverte Norborg ein svak kamp og tok eit langt steg tilbake i prestasjonen i høve sist heimekamp. Sjølv om ein hadde mykje ball før pause så skapte ein få klare målsjansar. Etter kvila så fungerte lite både defensivt og offensivt. Gulars var gode defensivt før pause og hadde ein kvarters periode i 2. omgang der dei kjørte Norborg. Likevel, dette var ein svak fotballkamp der poengdeling hadde vore det mest rettvise utfallet.

Neste kamp for Norborg er borte mot Arna-Bjørnar laurdag 28. juni kl. 14. Vi oppfordrar alle haramsfolk i Bergen om å ta turen til Arna denne laurdagen.

Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Mathias Fjørtoft (Arild Vågnes, 66), Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth – Kristoffer Hildrestrand (Øyvind Sundnes, 43), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Henrik Sunde (MSIL) og David Fiskaa (Gjerdrum)