Norborg – Tornado Måløy 7-0

Norborg – Tornado Måløy 7-0 (4-0)
Uggedal stadion, 07.06.14

Sjansar: 15-2
Cornere: 4-2

1-0 Kristoffer Søviknes (5)
2-0 Ole Johan Urke (18)
3-0 Øyvind Sundnes (32)
4-0 Ole-Kristian Aarseth (43)
5-0 Elling Mikal Kalvø (76)
6-0 Ole-Kristian Aarseth (89)
7-0 Tarjei Gjerset Urkedal (90)

Norborg tok ein klar siger i botnoppgjeret mot Tornado Måløy under praktfulle speletilhøve i Uggedalen laurdag ettermiddag. Med mål på sin første målsjanse såg ein seg aldri tilbake å sendte måløyingane heim med stortap.

Norborg inviterte til fest denne laurdagen med gratis marsinpankake og opning av ny kiosk. Dei i overkant 130 frammøtte skulle også få sjå festfotball av heimelaget og tok sin største siger i 3. divisjon sidan Hareid vart sendt heim med 8-0 for fem år sidan.

Sjølv om begge lag stod med 6 poeng på sine 8 første kampar var Norborg klare favorittar mot eit svekka bortelag. Det var likevel gjestane som gjekk rett i strupa på vertane, men etter at Kristoffer Søviknes heada eit innlegg frå Ole Johan Urke så vidt over streken til 1-0 tok heimelaget over kampen. Etter å ha svidd av eit par store sjansar fekk ein endeleg 2-0 då Ole Johan Urke klinka til frå 20 meter og ballen fauk i nota.

Tornado Måløy forsøkte å spele ball langs bakken og halvvegs ut i omgangen lykkast dei med spelet då dei kom seg rundt på venstrekanten og rulla over til høgre der Eirik Kvalheim stod heilt åleine, men keeper Joakim Kjærstad gjorde ei strålande redning på forsøket frå kloss hald. Norborg fekk igjen opp konsentrasjonen etter denne glippen og auka til 3-0 då Ole Johan Urke slo ein stikkar til Øyvind Sundnes. Frå ti meter sette den rutinerte angriparen ballen sikkert i mål.

To minutt før pause var det klart for kampens vakraste mål då Kristoffer Søviknes fann Ole-Kristian Aarseth i bakrommet. Unge Aarseth gjorde ingen feil å lobba ballen elegant over keeper Losnegard til 4-0. Kampen var i realiteten punktert før pause etter god fotball av Norborg.

Etter kvila var det Tornado Måløy som starta best og trykte eit sløvt Norborg-lag tilbake på bana, men sistepasningane vart for upresise til at ein sette keeper Kjærstad på prøve. Etter kvart tok Norborg igjen over spelet og det siste kvarteret vart eit stormløp mot gjestane sitt mål. Sju store sjansar vart skapt og tre av dei enda med mål. Elling Mikal Kalvø flikka inn 5-0 etter ein corner av Ole Marius Otterlei. Ole-Kristian Aarseth gjorde sitt andre og Norborg sitt sjette då han snappa opp ei svak klarering og sette ballen i mål med eit kontrollert skot frå 16 meter. 7-0 kom ved kapteinen sjølv Tarjei Gjerset Urkedal då han pirka ballen i mål frå kloss hald til sitt 120. seriemål og 206. mål totalt i Norborg-trøya.

– Vi gjer ein god 1. omgang og legg grunnlaget då. Vi er svakare etter pause då det lenge er mangel på presisjon og vi opptrer ikkje samla defensivt. Men bevares, 7-0 og ein solid kamp. Vi har hatt det kjekt i dag, sa trenar Oddmund Davik Otterlei.

Neste kamp for Norborg blir langt tøffare. Då skal ein ut i bortekamp mot AaFK2 fredag 13. juni kl. 1830 på CLS.

Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei (Kristian Søviknes, 76), Elling Mikal Kalvø (Kjell Terje Brusdal, 76), Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Ådne Hellandsvik, 66), Tarjei Gjerset Urkedal, Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth – Kristoffer Søviknes, Øyvind Sundnes.

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu (Clausenengen)
Assistentar: Kristian Melset (Sykkylven) og Henrik Sunde (MSIL)


Scorarane Øyvind Sundnes, Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke, Ole-Kristian Aarseth og Tarjei Urkedal.