Hødd2 – Norborg 6-0

Hødd 2. lag – Norborg 6-0 (2-0)
Høddvoll kgb, 22.04.14

Sjansar: 10-6
Cornere: 8-3

1-0 Robin Hjelmeset (str. 17)
2-0 Robin Hjelmeset (45+1)
3-0 Henrik Grimstad (61)
4-0 Franjo Tepuric (str. 63)
5-0 Franjo Tepuric (82)
6-0 Benjamin Kleppe (87)

Dommar: Torbjørn Krøvel (Ørsta)

Norborg fekk ein tøff start på 3. divisjonslivet då ein fekk juling av Hødd sine nest beste. Norborg var på høgde med heimelaget før pause og var særs nær utlikning ved to høve i minutta før pause, men i staden for 1-1 aukar Hødd2 til 2-0 etter nølande forsvarsspel. Norborg prøvde å løfte seg det første kvarteret av 2. omgang, men greidde ikkje å trenge igjennom heimeforsvaret. Så på to minutt punkterer Hødd2 kampen. Først på eit praktangrep og så på straffe. Norborg hadde sine sjansar til å pynte på resultatet, men kom ikkje nærmare enn eit skot i tverrliggaren. I staden så viser Hødd2 si klasse å scorer to mål mot slutten. 6-0 var nok i meste laget, men det gjeld å score mål. Det gjorde ikkje Norborg denne gong.


Så nær var Norborg og Cato Longva leiinga, men ballen gjekk over.

Norborg tok tysdag kveld turen til Ulsteinvik for å møte Hødd sine nest beste. Trass ein del forfall så reiste ein med håp om poeng i ein av dei tøffaste bortekampane. Norborg har jo stort sett blitt slakta i sine tidlegare turar til Høddvoll.

Vi såg det allereie i opningsminutta at det var noko tafatt over Norborg denne kvelden. Enkelte hadde skuldrene langt over øyrene, medan andre igjen var særs så nonchalante etter storsigeren i generalprøva. Forsvaret såg ofte ut som eit trekkspel, medan midtbana ofte kom på mellomdistanse.

Likevel var det Norborg som fekk første sjansen då Cato Longva snappa ballen frå Mathias Grimstad ute på venstrekanten. Cato, som spelte sine første minutt for året etter ein operasjon i januar, storma mot mål, men vart litt for ivrig i avslutningsaugenblinken å sende ballen over lengste kryss.

Hødd2 hadde ballen mykje og var aggressive i spelestilen. Det tok likevel 17 minutt før dei kom seg til den første sjansen då Robin Hjelmeseth kom seg inn i 16 meteren og snurra rundt med eit par Norborg-spelarar. Avslutninga var likevel svak, og kva Elling Mikal Kalvø tenkte på når han la seg ned og la handa over ballen er ikkje godt å seie.  Dommar Krøvel kunne ikkje anna gjere enn å peike på straffemerket. Straffa sette Hjelmeset sikkert i mål.

Omgangen elles er prega av mykje kriging og lite fint spel. Mot slutten av omgangen kom Norborg inn i sin klart beste periode og var nær utlikning ved to høve. Begge etter dødballar. Først heada Kristoffer Søviknes over mål etter frispark av Hans Edvard Nordang. Vi tør påstå at Kristoffer scorer i 9 av 10 slike tilfeller. Eit par minutt seinare er det Elling Mikal Kalvø som headar utanfor stolpane etter ein corner av Ole Johan Urke.

I staden for utlikning doblar Hødd2 og Hjelmeseth leiinga då han stussa eit innkast i mål etter nølande forsvarsspel av Norborg. Bitter for Norborg, som nok følte dei hadde starta å få eit grep om kampen. Laga gjekk til pause med 2-0 i mål og 4-3 i sjansar.

Norborg forsøkte å legge press på Hødd2 i opninga av 2. omgang, men sjølv om ballen nok var litt meir inne på Hødd2 sin halvdel, så greidde ein ikkje å skape sjansar det første kvarteret.

Så skrudde heimelaget opp tempoet og Norborg hang overhodet ikkje med i eit par minutt. På desse minutta punkterte Hødd2 kampen. 3-0 kom på eit praktangrep på høgresida som Henrik Grimstad avslutta med å sette ballen i mål frå kloss hald. Minuttet seinare kom Grimstad igjennom igjen, men denne gong vart han lagt i bakken av keeper Ronald Søvik Olsen. Nytt straffespark som denne gong vart satt i mål av Frajo Tepuric.

Slaga i trynet fekk likevel ikkje Norborg til å legge seg ned. Ein stod opp og kom seg til tre sjansar på dryge fem minutt. Først sette Ole-Kristian Aarseth ballen i tverra frå 18 meter. Så heada Kristoffer Søviknes eit frispark utanfor før vi får ein dobbeltsjanse der keeper først redda Ole-Kristian sitt skot for så å ta seg av returen frå Kristoffer.

På slutten av kampen gjekk lufta ut av Norborg og Hødd2 fekk fritt spelerom. Tepuric klinka ballen i mål til 5-0 før Benjamin Kleppe sette eit frispark frå 25 meter perfekt i krysset.

Fortent siger til Hødd2, men kampen var nok jamnare enn det formidable sifferet sei.

Norborg kunne med litt marginar ha scora minst eit par mål, men dette var dagen då ein ikkje skulle lykkast. Dei fleste av spelarane var også under pari og som lag greidde ein ikkje å opptre samla. Vi får håpe dette rettar seg når Bergsøy kjem på besøk måndag.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre (Erlend Coates, 78) – Ole Johan Urke, Joakim Roald (Kjell Terje Brusdal, 72), Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth – Cato Longva (Kristian Søviknes, 72), Kristoffer Søviknes.


Elling Mikal Kalvø med heading etter corner, men ballen ville ikkje i mål for Norborg denne kvelden.

Takk til Einar Orten Trovåg / Vikebladet for bileta.