Skadefri hjå Øyvind Sundnes

Brattvåg IL, IL Norborg og IL Ravn inviterer alle trenarar og lagleiarar i klubbane til årets andre trenerforum,  28.mars klokka 1800-2000. Denne gangen får vi besøk av Øyvind Sundnes der temaet for kvelden er Skadefri.

Øyvind Sundnes er i dag fysioterapeut, og har eit lengre fotballiv bak seg i Brattvåg, Norborg og Kvikk. Han har i 2023 blitt verifisert som Skadefri-ambassadør (skadefri.no), og vil bidra med fagleg innhald om korleis vi kan forebygge skader for våre unge fotballsparkarar.

Arrangementet blir i Norborg Fleirbrukshall i Norborgstova det det blir både teoretisk og praktisk innhald. Det blir eit skreddesydd opplegg til nettopp din kvardagsaktivitet på fotballbanar rundt om.

Påmelding, så snart som rå, men frist søndag 26.mars:

For Norborg og Ravn – trenerveileder@norborg.com

For Brattvåg – anis_pajevic@hotmail.com

 

 

Med sportsleg helsing,

Trenerveilederane