Norborg – HaNo 8-2

Norborg – HaNo 8-2 (4-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 11.02.14

Sjansar: 21-2

1-0 Trym Ekroll Nyland (5)
2-0 Preben Lorgen (17)
3-0 Ole-Kristian Aarseth (42)
4-0 Kristoffer Søviknes (44)
5-0 Øyvind Sundnes (55)
6-0 Ole Johan Urke (64)
7-0 Niklas Hurlen (67)
7-1 Mario Selma (74)
7-2 Alexander Ulla (85)
8-2 Ole Marius Løndal (87)

Dommar: Arild Vegsund

Norborg vann som venta komfortabelt mot HaNo under praktfulle tilhøve tysdag kveld. Ein greidde likevel ikkje målsettinga si om å halde nullen. Det mest oppløftande var at 2 av 5 debutantar fann vegen til nettmaskene då Niklas Hurlen og Ole Marius Løndal sette inn mål nummer 7 og 8 for Norborg denne kvelden.

For 15 år sidan ville dette også ha vore eit oppgjer mellom eit 3. og eit 6. divisjonslag, men den gong var HaNo i førarsetet. Mykje har skjedd sidan 1999. Norborg knappa stadig inn på HaNo utover 2000-talet og i 2007 var oransjetrøyene for første gong sidan 1983 nest best i Haram. Ein plass som sidan ikkje har vore truga.

HaNo har ein del unge spelarar, og det var lenge snakk om at Norborg skulle stille eit juniorlag forsterka med eit par A-lagsspelarar, men ein valde til slutt å stille med A-laget, samt nokre spelarar frå juniorstallen. Spelarar som Henning Koppen, Tarjei Urkedal, Ole Marius Otterlei, André Larsen, Kjell Terje Brusdal, Joakim Kjærstad og Geir Roar Gamlem mangla av diverse grunnar.

Laget i 1. omgang: Børt Tore Marthinussen – Alexander Hildre, Preben Lorgen, Hans Edvard Nordang, Erlend Coates – Trym Nyland (Ole Johan Urke, 29), Kristian Søviknes, Christian Sæther, Ole-Kristian Aarseth – Joakim Roald, Kristoffer Søviknes.

Det vart einvegskjøring frå start til slutt i denne omgangen, men sjølv om ein scora på sin første skikkelege sjanse så var ikkje effektiviteten den beste. Store sjansar vart svidd og fem minutt før pause såg det ut som ein berre skulle gå til pause med 2-0. Trym Nyland, som spelte sin første A-kamp på 1,5 år, gjorde 1-0 då han iskaldt plasserte ballen i mål frå 10-12 meter. Preben Lorgen dobla leiinga i det 17. minutt då han heada inn eit “Ivar Hoff”-innlegg frå Hans Edvard Nordang. Ole-Kristian Aarseth er 1. års junior og vart matcha relativt forsiktig i fjor med 3 startar og 11 innhopp. I år vil nok “alpinisten” gjerne ha litt fleire minutt sjølv om nivået er endå høgare. HaNo var i alle fall ingen målestokk for grytastrandaren. Etter å ha leika seg i 41 minutt utan å finne nettmaskene skulle han endeleg lykkast då Kristoffer Søviknes storma fram på eigen halvdel, vart meid ned, spratt opp igjen å slo ballen i bakrom til Aarseth som spurta fram mot mål å scora sikkert. 3-0, men Norborg sitt 1. omgangslag ville ha meir, og like før pause putta Kristoffer Søviknes ballen i mål frå 6-7 meter. 4-0, og 13-0 i målsjansar til pause. Trenar Oddmund Otterlei sin 0-visjon var framleis intakt (dvs. null målsjansar i mot).

Laget i 2. omgang: Ronald Søvik Olsen – Johann Fiskergaard, Elling Mikal Kalvø, Rikard Longvanes Ulla, Daniel Aakre – O.J. Urke (Kristoffer Søviknes, 84), Ole Marius Løndal (Denis Sjåstad, 71), Mathias Fjørtoft, Øyvind Sundnes – Niklas Hurlen (O.M.Løndal, 79), Alexander Eide.

HaNo var litt meir med i starten av 2. omgang utan å skape noko. Så gira Norborg opp og ti minutt ut i omgangen sette Øyvind Sundnes inn sitt første mål i den oransje trøya då han finta seg forbi og sette ballen i mål via stolpen. Norborg fortsette å skape sjansar og Ole Johan Urke gjorde 6-0 då han fyrte av frå 16 meteren og ballen sneia ein HaNo-spelar før den gjekk i mål. Halvvegs ut i omgangen var det duka for A-debutant Niklas Hurlen. Han sprang frå forsvaret og sette ballen opp mot krysset. Keeper fekk ein finger på ballen, men kunne ikkje hindre 7-0 og mål i debuten for Hurlen. Så kom nokre sløve defensive minutt. Elling Mikal Kalvø gjorde som Stevie G. nokre dagar før og hjalp motstandaren til å få ein sjanse frå straffemerket. Straffa sette Mario Selman sikkert i mål. Fem minutt seinare er forsvaret ikkje på plass og Alexander Ulla får springe fritt fram mot mål å sette ballen sikkert i mål til ny redusering. Men då ville ein annan debutant vise seg fram. Ole Marius Løndal banka ballen i mål frå 8-9 meter etter forarbeid av Øyvind Sundnes. 4-2 i mål og 8-2 i sjansar i denne omgangen. Totalt 8-2 siger til Norborg.

Totalt 23 spelarar derav 5 debutantar fekk prøve seg. Dette var Alexander Hildre, Niklas Hurlen, Ole Marius Løndal, Rikard Longvanes Ulla og Denis Sjåstad.


Niklas Hurlen scora i sin A-lagsdebut for Norborg.