Norborg – Rollon 3-3

Norborg – Rollon 3-3 (2-0)
Uggedal stadion, 24.10.2015

Sjansar: 12-6
Cornere: 9-4
Avslutningar på mål: 9-4
Avslutningar utanfor: 7-6

1-0 Hans Edvard Nordang (str. 3)
2-0 Elling Mikal Kalvø (6)
2-1 Daniel Gjerde (48)
2-2 Kristian Røst (49)
2-3 Sjølvmål (67)
3-3 Ole-Kristian Aarseth (75)

Norborg fekk ein pangstart på kampen med 2 mål på 6 minutter, men trass fleire sjansar fekk ein ikkje fleire mål før pause. Etter kvila brukte Rollon fire minutt på å hente igjen Norborg sitt forsprang og tok også leiinga på eit sjølvmål midtvegs i omgangen. Eit kvarter før slutt stod juniorspelarane Fredrik Krogsæter og Ole-Kristian Aarseth fram og sistnemnde sørga for utlikning. Norborg redda dermed 2. plassen på betre målskilnad enn Godøy.

– Dagens kamp mot Rollon burde ha vore avgjort til pause. Vi leiar fortent, men leiinga burde vore på mier enn 2-0. I første omgang er det bare eitt lag på banen! Andre omgang er jamn. Gjestane fortsette å slå langt, noko som skape trøbbel for oss i starten av omgangen. Rollon snur kampen til 2-3 i denne perioden. Etter noen justeringer har vi igjen full kontroll på kampen, utliknar etter fine kombinasjonar langs bakken og har sjansar nok til å avgjøre kampen til vår fordel, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Rollon let sine normalt beste spelarar som Daniel Gjerde, Eivind Nordstrand, Kristian Engelstad og Jonas Mathiesen starte på benken i denne toppkampen. Norborg takka for det med å valse over Rollon i starten av kampen. To minutt ut i kampen vart Martin Sundnes felt innafor straffefeltet og Hans Edvard Nordang fekk sjansen til å sende heimelaget i føringa. Han gjorde ingen feil å scora sikkert. Tre minutt seinare var det klart for nytt mål til Norborg då Elling Mikal Kalvø stussa eit langt innkast frå Ole-Kristian Aarseth i mål. Aarseth hadde sjølv sjansen til å score nokre minutt seinare då han vart spelt fri av Kalvø, men avslutninga gjekk utanfor mål.

 

Norborg roa seg noko etter dei første ti minutta, men skapte sjansar nok til å auke leiinga si. Det klang to gongar i aluminiumet og Rollon hadde ei redning på strek. Kristoffer Søviknes avslutta over frå 18 meter, medan Martin Sundnes fekk ein stor sjanse han sette rett på keeper ti minutt før pause. Norborg skulle hatt på tre og fire mål i  denne omgangen. Rollon hadde nær sagt ingenting å by på offensivt, men to minutt før pause står plutseleg Kristian Røst åleine framfor mål, men avslutninga gjekk utruleg nok over.

Til 2. omgang sette Rollon innpå arsenalet sitt, og det ga laget umiddelbart meir styrke. Allereie fire minutt ut i omgangen hadde Norborg sitt forsprang blitt innhenta. Først sette Daniel Gjerde inn redusering frå kloss hald etter eit flott raid på venstrekanten av Erik Øiehaug. Så var det Kristian Røst som putta frå kloss hald. Ei katastrofal svak opning av Norborg, men ein kom seg til hektene og kampen jamna seg ut. Kalvø var nær å gi Norborg føringa då han var vaken frampå etter eit frispark av Hans Edvard Nordang og retur frå keeper, men Rollon fekk avverja. Daniel Gjerde var i andre enden nær ved å gi Rollon føringa, men keeper Joakim Kjærstad vann ein mot ein duellen. I staden var det ein uheldig Nordang som sette ballen i eige mål halvvegs ut i omgangen då han slengte fram foten og styrte ballen i ei fin boge over keeper og i nota.

Eit kvarter før slutt fekk vi sjå eit vakkert angrep av juniorrekka. Aarseth spelte vegg med Fredrik Krogsæter, storma inn i 16 meteren og scora sikkert til 3-3. På slutten av kampen hadde Kristoffer Søviknes sjansen til å gi Norborg alle poenga, medan Anders Giske Hagen fekk sjansen for Rollon, men ingen av headingane fann vegen til nettmaskene.

Basert på 1. omgangen var dette ein kamp Norborg burde og skulle ha vunne. Ein skapte då mange store sjansar. Etter kvila vart ein i for stor grad med på Rollon sitt tut og kjør opplegg og ein mista rytma i angrepsspelet. Bestemannsprisen gir vi til Øyvind Sundnes for sin gode 1. omgang.

Takk til dei om lag 150 (ca. 40 av dei fra Rollon) frammøtte som laga ei flott ramme rundt årets siste kamp.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Steffen Grytten, 67), Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Elling Mikal Kalvø – Øyvind Sundnes (Nikolai Jensen, 84), Tarjei Urkedal, Christian Sæther, Ole-Kristian Aarseth (Per-Stian Alvestad, 90) – Kristoffer Søviknes, Martin Sundnes (Fredrik Krogsæter, 73).

Dommar: Tor Ove Myrset (FK Sykkylven)
Assistentar: Jonny Dyb (Giske) og Håkon Seljen (Herd)