Norborg – Larsnes/Gursken 3-0

Norborg – Larsnes/Gursken 3-0 (2-0)
Uggedal KGB, 08.10.2015

Sjansar: 7-5
Cornere: 4-6
Avslutningar på mål: 5-2
Avslutningar utanfor: 8-7

1-0 Kristoffer Hildrestrand (9)
2-0 Kristoffer Søviknes (13)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (71)

Norborg gjorde jobben og vann 3-0 over Larsnes/Gursken. Det var ingen stor fotballkamp under flotte speletilhøve, men med to tidlege mål hadde Norborg god kontroll på kampen.

– I kveldens kamp leverer vi jamt over ein solid prestasjon. Vi spelar med entusiasme, positiv energi og mykje speleglede! Dette gjer at vi vinn ein komfortabel siger mot eit godt spelande Gursken/Larsnes. “It’s not over until the fat lady sings”, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Norborg rista av seg sist vekes frustrasjon og viste seg frå si sanne side då ein gjekk raskt ut av startblokkene. Før eit kvarter var spelt stod det 2-0. 1-0 kom etter ein godt slått dødball av Hans Edvard Nordang til Kristoffer Søviknes sitt hovud som fann Kristoffer Hildrestrand framfor mål. Han gjorde ingen feil og sette ballen sikkert i nota. Få minutt seinare heada Kristoffer Søviknes ballen i nota etter flott legg av Fredrik Krogsæter og ditto svak klarering av ein gjesteforsvarar. Søviknes fekk dermed ein lett jobb med å få ballen i mål.

Norborg var det førande laget også etter måla, men skapte lite. Ole Johan Urke sette eit skot like utanfor, medan ein ropte på straffe for hands ti minutt før pause. Larsnes/Gursken sleit på siste tredjedelen lenge, men mot slutten av omgangen fekk dei to gode sjansar utan resultat.

Etter pausen la Norborg seg noko djupare og gjestane fekk ha ballen i større grad inne på Norborg sin halvdel enn før pause utan at keeper Kjærstad vart satt på prøver. Tjue minutt før slutt punkterte Tarjei Urkedal kampen då han sette ballen i mål frå kloss hald. Begge lag fekk sine sjansar mot slutten av kampen, men 3-0 stillinga haldt seg. Alt i alt vart dette ein omgang med mange frispark og lite flyt i spelet.

Vi gir Christian Sæther bestemannsprisen i denne kampen. Han opptrer med ro og kløkt på Norborg si midtbane. Martin Sundnes fekk sin debut for Norborg då han kom inn til 2. omgang. Han viste seg umiddelbart fram med teknikk og overblikk.

Neste kamp er borte mot Valder torsdag 15. oktober kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft (Henning Koppen, 84) – Ole Johan Urke (Øyvind Sundnes, 39), Tarjei Urkedal (Joakim Roald, 89), Christian Sæther (Nikolai Jensen, 84), Fredrik Krogsæter (Martin Sundnes, 46) – Ole-Kristian Aarseth (Steffen Grytten, 73), Kristoffer Søviknes (Kristian Søviknes, 73).

Dommar: Jan Helge Lund (Godøy)
Assistenter: Kristian Melset (Sykkylven) og Lars Ove Sletta (Langevåg)